Einmeteren er tilbake. Regjeringa var raskt på plass med krisepakken til bedrifter og kulturlivet, men bør snarast avklare neste trekk.

For utsette bransjar er konsekvensane av dei nye smittetiltaka dramatiske.

Mange hadde store inntektstap før dei regjeringa si pressekonferanse tysdag kveld. Julebord og konferansar var avlyst i stor stil av bedrifter som ville redusere sin risiko for sine tilsette.

For regjeringa var rask reaksjon eit viktig då krisepakken vart presentert tysdag. Innhaldet i pakken var stort sett også både velkjent og velprøvd gjennom koronatida.

Støtte ved tap av omsetning, forlenga periode med fritak for lønnsplikt under permittering, forlenga dagpengeperiode og høgre dagpengesats er avgjerande og naudsynte grep no.

Dette gir bedrifter, næringsdrivande, frilansarar og lønsmottakarar tryggleik gjennom nok ein vanskeleg periode.

Likevel er det grunn til å stusse. Vi står i ein annan situasjon no enn då desse ordningane vart etablert. Vi har rett nok både sterkt veksande smittenivå og press på helsevesenet, men den store andelen vaksinerte utgjer likevel ein stor skilnad.

I endå større grad enn ved pandemien si første fase trengst det difor tiltak som har som mål å halde hjula i gang.

Det gjeld både smittevern og økonomisk krisehjelp.

Partane i arbeidslivet sitt krav om lønnsstøtte har nettopp eit slikt mål. Dei andre krisetiltaka dekkjer ikkje lønnskostnader. Ei lønnsstøtteordning skal gjere det gunstigare å halde folk i arbeid enn å gå til permitteringar.

Likevel nølte regjeringa.

I Stortinget sin spørjetime onsdag fekk statsminister Jonas Gahr Støre kritikk for dette. Seinare same dag møtte næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) LO, NHO og Virke. Dei har stått samla bak kravet.

Regjeringa si verktøykasse må vere variert for å møte ulike utfordringar under ein pandemi som er under utvikling. Ordninga med lønnsstøtte var eigentleg på plass allereie i vår, men måtte tilpassast «ny» bruk.

Å ha eit slikt verktøy klart burde vere ligge til regjeringa sin beredskap.

Når statsministeren i Stortinget seier at slik lønnsstøtte ikkje kunne innførast over natta, kan det virke som det ikkje var tilfelle.

Etter møtet med partane i næringslivet snudde næringsministeren tommelen ned for kravet no. Regjeringa held fram med å nøle, og har heller ikkje tatt imot Høgre sin invitasjon til eit forlik om ei slik ordning.

Ein dag, to eller tre i forseinking er ikkje avgjerande for dei fryktar å bli permitterte rett inn under jul.

Nøling forsterkar likevel inntrykket av ei regjering som har kome på hælane i si krisehandtering.