Opninga av første del av Nordøyvegen er ein milepæl i å binde Sunnmøre saman. Fastlandssambandet for dei fem øyane er eit stort framsteg som vil gi eit løft både for dei einskilde lokalsamfunna, men som også vil knyte øyane saman og skape framtidstru.

Vi har ei stolt historie på Sunnmøre med å knyte øyar til fastlandet og bygge nye bu- og arbeidsmarknadsregionar. På den måten har vi lykkast med å halde oppe ein spreidd busetnad, samstundes med at dette har vore viktige tiltak for å utvikle eit livskraftig næringsliv.

Det starta i Herøy mot slutten av 1960-talet. I løpet av knappe 15 år blei Herøybrua, Nerlandsøybrua, Remøybrua og til slutt Rundebrua realisert. Slik klarte ein binde saman øyane på ytre søre Sunnmøre og knytte Herøy til Ulstein og Hareid.

I 1987 kom Ålesund tunnelane som gav fastlandssamband til Vigra, Valderøya, Giske og Godøya, samstundes som at flyplassen på Vigra var knytt til resten av regionen med fast vegforbindelse.

I februar 2008 opna Eiksundsambandet som knytte dei indre og ytre delane av Søre Sunnmøre saman. Med dette sambandet blei Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda ein felles arbeidsmarknad.

Det er i lys av dette vi må sjå dagens delopning av Nordøyvegen. Den går inn i ei meir enn 50 år lang historie der vi har bytta ut ferjer med bruer og tunnelar.

Eit ynskje om å bytte ut ferja med fastlandssamband har gjort at vilja har vore til stades for å betale bompengar. Det hadde ikkje vore mogeleg å realisere nokon av de prosjekta vi har nemnd her utan ei lokal medfinansiering i form av bompengar.

Nordøyvegen har vore omstridt. Prisen på 5,5 milliardar kroner gjer vegen til det største enkeltprosjektet nokon gong i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.

I så måte er det all grunn til å gle seg over at det krevjande prosjektet ser ut til å bli gjennomført både innan budsjettet og ferdig til rett tid. Det er slett inga sjølvfølgje i store vegprosjekt.

Det gjer at det er grunn til å gi honnør til prosjektleiinga i fylkeskommunen, til Skanska som har vore hovudentreprenør, og ikkje minst til alle dei dyktige fagfolka som har bygd vegar, bruer, tunnelar og ei spektakulær demning som held sjøen vekk frå der Haramsfjordtunellen startar.

Vi må vente til over sommaren neste år før heile prosjektet kan takast i bruk, men det er all grunn til i denne omgang gratulere folk på Lepsøya, Haramsøya og Longva med fastlandssamband.

Og sikkert for mange, ei ny tidsrekning.