Regjeringa bør snarast avklare kva planar dei har for fødetilbodet i Møre og Romsdal i framtida. Senterpartiet lover full drift av fødeavdelinga i Kristiansund, også etter at fellessjukehuset på Hjelset står ferdig. Dette er i strid med faglege råd om godt fødetilbod, bryt med føresetnadar for bygging av fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal, og får store konsekvensar for heile sjukehustilbodet i fylket.

Før helga sa eit stort fleirtal på Stortinget nei til å vidareføre fødeavdeling i Kristiansund etter 2025, når det nye fellessjukehuset står ferdig. Spørsmålet kom opp i samband med forslag frå representanten Seher Aydar i Raudt. Forslaget vart nedstemt med 93 mot sju røyster, og dermed kunne striden ha vore avklart. Men Senterpartiets Lisa Marie Ness Klungland seier til Romsdals Budstikke at Senterpartiet vil fremje sitt eige forslag om vidare drift av fødeavdelinga i Kristiansund, der partiet også legg midlar på bordet.

Det er avgjerande viktig at alle fødande i fylket, både på Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre, har eit trygt og godt fødetilbod. Geografisk nærleik er likevel ikkje det einaste som skaper tryggleik. Faglege avgjerder i samband med fødsel kan få enorme konsekvensar, og derfor er tilgang på kvalifisert personell heilt avgjerande. Fagleg kompetanse omfattar kunnskap om arbeidsoppgåver, men også trening som gir ferdigheiter i å handtere vanskelege situasjonar.

Georg Johnsen, sjukehussjef for Molde og Kristiansund, har vore tydeleg på at det er faglege, og ikkje økonomiske årsaker til at fødetilbodet i Romsdal og Nordmøre bør samlast i ei avdeling. – Ein kan løyve så mykje pengar ein ønskjer, men fagleg er det ikkje rett, og ikkje til det beste for pasientane med to avdelingar, sa Johnsen til Sunnmørsposten tidlegare i år. Han peika på at ei felles avdeling vil bidra til sterkare og meir kompetent fagmiljø, gjere det lettare å rekruttere fagfolk, få til stabile vaktordningar og dermed skape eit tryggare tilbod for dei fødande. Tettare oppfølging av dei fødande, og god planlegging av fødslar er viktigare enn kort avstand til fødetilbodet, meiner sjukehussjefen, og det bør lyttast til.

Dersom fødeavdelinga i Kristiansund skal haldast oppe, etter at fellessjukehuset står ferdig, vil det vere behov for mellom 50 til 100 tilsette i Kristiansund. Ei fødeavdeling treng ikkje berre jordmødrer og gynekologar, men også anestesilegar, anestesisjukepleiarar, operasjonssjukepleiarar, barnepleiarar, intensivsjukepleiarar og laboratorietenester.

Det var dåverande helseminister Jonas Gahr Støre (AP) som la grunnlag for felles fødeavdeling for Romsdal og Nordmøre, i samband med vedtak om eit felles sjukehus. Prosjektet blir no gjennomført etter planen. Likevel er regjeringa uklar på om det framleis skal vere ei eller to fødeavdelingar i denne regionen i framtida. Det er på tide at statsminister Støre forklarer i tydelege ordelag kva som er regjeringas politikk på dette området.