Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) advarte i Stortinget fredag mot å spreie uro rundt ordninga med lønnsstøtte til kriseramma bedrifter.

Uro har det blitt.

Finansministeren er den som bidro mest til dette.

Fredag orienterte Vedum Stortinget om regjeringa sitt framlegg til ei ny lønnsstøtteordning. Ordninga skal hjelpe bedrifter med store inntektstap å halde folk i jobb framfor å permittere dei.

Det har hasta å få ei slik ordning på plass.

Etter dei siste korona-restriksjonane er det varsla permitteringar for over 20.000 arbeidstakarar. Dei første av desse kunne kome til å gå ut i permittering allereie denne veka.

Regjeringa la fredag mellom anna opp til at bedrifter som har hatt meir enn 20 prosent tap i inntektene skal kunne ta imot inntil 30.000 kroner per tilsett kvar månad. Det er også sett eit tak på 47 millionar per selskap.

LO stilte seg bak framlegget.

Mange bedriftsleiarar var skuffa, og meinte ordninga var for svak til at dei kunne unngå å permittere tilsette. Finansministeren sitt svar var at EU-reglar gjorde at regjeringa ikkje kunne strekkje seg lengre.

Det same svaret fekk Stortinget. Vedum sa her at grunnen var at det «har vært avstemt med ESA i en uformell prosess for å vite at man ikke setter ordningen i fare om man går for høyt». I Dagsrevyen sa han at regjeringa hadde strekt seg så langt den kunne.

Utan at EØS sitt tilsynsorgan Esa hadde rykt ut søndag for å avvise påstanden, kunne dette ha blitt ståande inn i forhandlingane på Stortinget.

For ein statsråd er det alvorleg å feilinformere Stortinget. For dei mange tusen som har fått permitteringsvarsel er konsekvensane endå verre.

For dei gjeld dette å ha ein jobb å gå til i staden for å bli permitterte og tape inntekter.

Alt søndag kveld varsla regjeringa første gong endringar. I «Politisk kvarter» på NRK måndag morgon signaliserte næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) at regjeringa er villig til å strekkje seg endå lengre.

Dette kom først etter at fleire parti, inkludert SV, hadde forlangt at finansministeren måtte kome til Stortinget på nytt måndag for å forklare seg.

Han varsla i staden først ei skriftleg forklaring, men måtte bøye av for presset og stille i Stortingssalen.

Og brått var også taket på 30.000 kroner løfta til 40.0000. Det som var umogeleg fredag, var altså mogeleg mandag kveld.

Alle parti på Stortinget ville ha ei lønnsstøtteordning, og gjere den så god som råd. Finansministeren måtte pressast til det.

Vedum har gitt seg sjølv ein tung start på jobben.