Veljarane sin tillit til våre fremste folkevalde er sett på prøve i haust. Dei mange avsløringane om pendlarbustadar, etterlønn og reiserekningar – både dei siste månadane og tidlegare, gjer sitt til dette.

I ei undersøking Aftenposten nyleg har fått gjort, seier meir enn seks av ti at desse sakene har ført til at dei har mindre tillit til stortingspolitikarane no enn før.

Ein skyhøg straumpris og måten den nye korona-nedstenginga kom på, har neppe heller gitt plusspoeng.

Sett i høve til utgangspunktet er ikkje dette dramatisk. Norge ligg framleis heilt i toppen på det europeiske tillitsbarometeret saman med dei andre nordiske landa. Nordmenn har stor tillit til både politikarar og dei sentrale institusjonane i samfunnet.

Heilt på topp ligg tilliten til politiet følgd av rettsvesenet og så Stortinget.

Vi kan likevel ikkje ta lett på dette.

Tillit mellom politikarar og veljarar er ein av dei viktigaste ressursane i samfunnet og ein berebjelke for demokratiet. Nettopp derfor er saker og utviklingstrekk som rokkar ved dette så alvorlege.

Tillit blir bygd over tid.

Tida som skal til for å rive den ned kan vere kort. Sjølv det mest robuste byggverk er sårbart når berebjelkane blir angripne innanfrå.

Aftenposten har stått bak dei fleste avsløringane rundt pendlarbustadane i haust, mellom anna med KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstads «guterom-gate» rett i forkant av valet.

Seinare har dei fleste parti fått tilsvarande saker på sitt bord.

Førebels har dette kulminert med Adresseavisen si avsløring av korleis no avgått stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap) fekk fri pendlarbustad i Oslo medan ho i praksis pendla til Ski, inkludert meir enn 700 gongar med sjåfør frå Stortinget si bilteneste.

Stortinget skal no granske korleis absolutt alle slike av Stortinget sine velferdsgode er administrert og brukt. Ei slik brei gransking er avgjerande for å gjenopprette tilliten, og må omfatte både dei juridiske og dei etiske sidene av desse sakene.

At tilliten svingar når kriser oppstår, slik som koronakrisa, må vi leve med. Det same gjeld når temperaturen i politiske konfliktsaker blir høg.

Det toler eit robust demokrati.

Verre er det om det får feste seg eit inntrykk av at dei som skal vere våre fremste tillitspersonar opererer i eit system der dei kan utnytte eigne maktposisjonar eller særlege privilegium til eigen fordel.

Blir ikkje slike saker takla med truverd og alvor, kan skaden bli varig.