Den nye språklova, som tok til å gjelde frå nyttår, kan få fleire til å bli klar over verdien av å verne om det norske språket. Vi ser at norsk er utsett på fleire område, særleg innan akademia. Engelsk er i ferd med å ta over som undervisningsspråk ved universitet og høgskular, og norsk står i fare for å bli fortrengt frå enkelte studium og fag. Vi må sørge for at norsk ikkje blir eit andrerangs språk.

Formålet med språklova er å sikre norsk som eit samfunnsberande fellesspråk. Norsk – og det vil seie nynorsk og bokmål – skal kunne brukast i alle deler av samfunnet. Språk er nøkkel til både kunnskap og deltaking i samfunnsliv. Det norske språket er ein viktig del av kulturarven vår, som definerer kven vi er, og som bind oss saman som folk og nasjon. Eit overordna fellesspråk er viktig for både demokrati og rettstryggleik. Folk må kunne forstå informasjonen frå det offentlege, og sjølv kunne delta i det offentlege ordskiftet, for at demokratiet skal fungere.

Eit praktisk utslag av den nye språklova er at offentlege tilsette no blir kursa i å skrive korrekt og forståeleg norsk. I lovteksten blir det slått fast at offentlege organ skal kommunisere på eit språk som er klart, korrekt og tilpassa målgruppa. Det siste betyr at alle borgarar har fått ein lovfesta rett til å få brev, dokument og svar på sitt eige skriftspråk, anten det er bokmål eller nynorsk. Studentar kan, med lova i hand, krevje å få eksamen på sitt skriftspråk.

Språklova slår fast som prinsipp at det offentlege skal fremje nynorsk, sidan det er det minst brukte skriftspråket. På fleire område er nynorsk under press, til dømes ved at nynorskbrukarar ikkje får oppfylt sine rettar, og dermed endar opp med å bytte målform. Den nye lova gir nynorsk ein rettsleg likeverdig status med bokmål. Lova understrekar også ansvaret som staten har for samiske språk, teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk som kvensk, romani og romanes. Kvart språk er ein kulturell rikdom.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, meiner universitet og høgskular må ta ein god del av ansvaret for den høge statusen som engelsk har fått i det norske samfunnet. Ho har ein god leveregel som seier «Norsk når du kan, engelsk når du må».

Det er sjølvsagt nyttig at nordmenn lærer seg engelsk og andre språk, både for å kunne kommunisere med andre, og hevde seg internasjonalt. Like fullt må vi sjå verdien av å ta vare på vår eigen kultur, og då er språket vårt heilt sentralt.