Straumkrisa i vinter må vere ein vekkar som får konsekvensar for framtidig utbygging og utnytting av fornybare energi. Men vi må ikkje miste hovudet.

Verna vassdrag må ikkje vere det første vi går laus på.

Vi kan framleis utnytte betre energien vi allereie har, og skru opp tempoet i modernisering av eldre kraftverk.

Skyhøge straumprisar, særleg i sørlege delar av Norge, har gjort at fleire er villige til å til å vurdere å opne verna vassdrag for utbygging.

Både Senterpartiet og Frp har alt røysta for dette. Diskusjonen går føre seg også i Høgre og Arbeidarpartiet.

Tirsdag la Frp på nytt eit framlegg i Stortinget om dette.

Partiet sin energipolitisk talsperson, Frank Sve, meiner at dette må til for å unngå framtidig kraftunderskot. Han vil likevel ikkje peike ut lakseførande elvar eller andre vassdrag i heimfylket som aktuelle.

Dette syner kanskje noko av dilemmaet. Det er lett å peike på måtar å auke produksjonen. Når ein skal vege gevinst mot kostnader og ulemper er det verre.

Vassdraga som er verna, er det av ein grunn.

Det ligg grundige, årelange utgreiingar og prosessar bak. Den første verneplanen vart vedteken i 1973, over ti år etter arbeidet vart igangsett. Nær 50 år og tre nye verneplanar seinare står vi med nær 500 verna vassdrag.

Viktige naturverdiar kan gå tapt ved utbygging av kvart eitt av desse. Allereie raudlista artar som villaks og elvemusling og urørte natur- og landskapstypar kan bli sett under endå større press.

Fiske, friluftsliv, turisme og reindrift vil også måtte vike.

Samfunnsnytten vil truleg også vere marginal dei fleste verna vassdraga. Svært mange av dei vil ikkje vere lønsame å byggje ut med det som er normalprisar i den norske kraftmarknaden.

Gårsdagens kraftutbyggjarar tok rett og slett for seg der lønsemda var best.

Ein bør likevel ikkje skrinleggje ideen heilt.

Om ny teknologi og nye vurderingar kan forsvare skånsame utbyggingar, utan øydeleggjande og irreversible inngrep, bør vi vurdere det.

Det gjeld både vind- og vasskraft.

Det er få andre område at ordtaket om at «mange bekkar små, gjer den store å» passar betre enn her.

Trua på at utbygging av verna vassdrag, utbetring av gamle kraftverk, makspris eller stopp i krafteksporten får oss ut av krisa – på kort eller lang sikt, er likevel sterkt overdriven.