Raskare, tryggare og tidlegare. Om dette blir resultatet av nye planar for vegen mellom Breivika og Digerneset i Ålesund, kan det applauderast.

Alternativet er nemleg langt dårlegare.

Skal strekninga prioriterast slik den ligg i Nasjonal transportplan (NTP) i dag, kan vi risikere å måtte leve med ei mellombels løysing i svært lang tid.

I NTP er det nemleg lagt opp til ei etappevis utbygging av strekninga. Første skal det kome tofelts veg med midtdelar med forbikøyringsfelt i begge retningar.

Neste steg er firefelts motorveg med fartsgrense på 110 kilometer i timen.

No søkjer Statens vegvesen om å få byggje firefelts veg med ein gong, men med redusert breidde. Fartsgrensa på ein slik veg vil vere maks 100 kilometer i timen.

Vert dette løysinga, vil altså spranget i vegstandard bli større tidlegare enn det no er lagt opp til. Ulempa er at vi kan skyte ei kvit pil etter 110 eller 120-sone på strekninga for all framtid.

Eit slikt løft treng ei omfattande og kostbar ombygging.

Motsett vil det hefte ein stor politisk risiko ved å satse på tofelts veg no, og håpe på full motorvegstandard seinare. Når første etappe først er gjort, kan ventetida på neste bli uendeleg lang.

Meirkostnaden på 400 millionar kroner på ein «smal» firefeltsveg er heller ikkje avskrekkande, sett i høve til kva ein får att.

Først: Framtidige behov for kapasitet blir løyst.

Samstundes vil tryggleiken bli kraftig styrka. Vi snakkar her om ei strekning med mange, svært alvorlege ulykker. Fleire har hatt dødeleg utfall.

Så må også trasé og andre tiltak syte for at Ålesund sin drikkevasskjelde, Brusdalsvatnet, også blir sikra.

Nokre få minutt lenger reisetid enn med motorveg i 23 meters breidde vil svekkje samfunnsnytten litt. Vege opp mot det vi får att på tryggleik og kapasitet, bør det likevel vere til å leve med.

Faren for at den mellombelse løysinga med tofelts veg vil bli varig, må ikkje undervurderast.

Er ein slik veg først bygd, står vi i fare for å måtte slite med eit langt dårlegare alternativ i tiårsvis, og gå stadig nye rundar for å få ei oppgradering.

Dei kreftene bør heller brukast på å løfte standarden på andre delar av E39 gjennom Ålesund. Behovet for auka kapasitet er langt større på strekninga Vegsund–Breivika.

Ein køyretur gjennom Moa-området på ein heilt vanleg dag i rushtida er alt ein treng av utgreiing for å syne det.