Tre kommunar på Nordmøre har halde folkerøysting om dei skal forlate Møre og Romsdal eller bli. I alle tre har folket sagt klart at dei vil bli.

Sist ute var Kristiansund. Der røysta seks av ti mot å skifte region.

Då bør det vere tid for å sjå framover.

Sjukehusstriden i nordfylket har vore intens, langvarig og til tider bitter. Denne kom på toppen av ei kjensle av å vere dårleg tilgodesett i fylket over tid. Dette utløyste kravet om å bryte ut av fylket og bli ein del av Trøndelag.

Sjukehuset på Hjelset er no i ferd med å bli røyst.

Kanskje kan også toppen av fogderistriden då leggje seg? Eit klart fleirtal av innbyggjarane i Aure, Smøla og Kristiansund har i alle fall vore tydeleg imot å flytte fylkesgrensa.

I Kristiansund var valdeltakinga rett nok låg, men også dette er eit signal. Det syner at suget i befolkninga etter å skifte fylke ikkje er stort som mange av forkjemparane har meint eller trudd.

No er det bystyret som avgjer.

Med dette klare signalet bør ikkje det vere ei vanskeleg avgjerd, sjølv om folkerøystinga berre er rådgjevande. Tydelege råd frå folket bør ein lytte til.

Så lenge spørsmålet har vore uavklart, har også framtida for Møre og Romsdal sin vidare eksistens som eige fylke vore uviss. No er dette bak oss.

Endeleg, er det freistande å leggje til.

Frå no av bør vi bruke energien på å utvikle fylket i staden for på å avvikle det. Å skape vekst og utvikling gjer vi best saman, i respekt for kvarandre sine argument og forståing kvarandre sine for behov.

Våre viktigaste konkurrentar kampen om arbeidskraft, statlege verksemder, utdanningsinstitusjonar og kapital er ikkje nabofogderiet, men byar som Trondheim, Bergen og Oslo. Det er dit flyttestraumen går, og det er dei som har størst makt når ressursar skal fordelast.

Skal vi klare å skape ei motvekt, må vi gjere det saman.

Sjølvsagt blir det ikkje slutt på geografisk rivalisering. Ulike interesser vil det alltid vere, og konkurranse kan også vere sunt. Ein lammande fogderistrid er derimot noko heilt anna.

I den maritime klynga på Nordvestlandet er mottoet: «Samarbeide når vi kan, og konkurrere når vi må». Dette handlar om å gjere kvarandre betre og saman bli meir konkurransedyktige.

Det er ikkje gjort over natta å samle fylket. Etter å lagt bak oss spørsmålet om vi skal leve saman eller ikkje, kan vi likevel no igjen snakke om korleis vi vil ha samlivet.

Det bør vi klare utan samlivsterapi.