Ei gruppe norske forskarar har undersøkt samanhengen mellom foreldre sitt drikkemønster og barns risiko for å falle ut av vidaregåande skule. Resultatet er overraskande. Det er ikkje berre barn av foreldre med alvorlege rusproblem som har auka risiko for fråfall, men også barn av foreldre med eit meir moderat alkoholforbruk. Dersom far drikk seg full ofte, doblar risikoen for at barnet ikkje fullfører skulegangen, viser den nye studien.

Forskar Jasmina Burdzovic Andreas frå Folkehelseinstituttet, seier til forsking.no at undersøkinga viste ein overraskande klar samanheng. Når far drakk fem eller fleire einingar med alkohol ved same høve ein gong i veka, eller oftare, hadde barna dobbel så høge odds for å droppe ut av skulen, samanlikna med andre unge. Denne samanhengen gjaldt uavhengig av barnas kjønn, psykiske helse, lærevanskar og eige alkoholforbruk. Den gjaldt også uavhengig av foreldra sitt utdanningsnivå.

Når undersøkinga berre omtalar konsekvensane av fars alkoholbruk, er årsaka ganske enkelt at mødrene i undersøkinga drakk langt mindre. Fleire enn halvparten av fedrane drakk fem einingar eller meir, minst ein gong i månaden, medan dei fleste mødrene aldri gjorde det. Forskarane har analysert data frå Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag, der ungdommar er blitt følgd gjennom mange år.

Vi skal vakte oss for enkle forklaringar på kvifor unge droppar ut av skule, eller får vanskar med angst og depresjon. Det er ofte samansette problem, og årsakene kan vere mange. Studien kan heller ikkje slå fast kva som er årsak og verknad. I teorien kan det vere omvendt, at far slår seg på flaska fordi barnet gjer det dårleg på skulen, men det er ikkje særleg sannsynleg. Det vesentlege er at forskarane har funne ein samanheng som det er verdt å drøfte, og finne ut meir om.

Mange nordmenn har eit drikkemønster med lite alkohol i løpet av veka, og så ei fyllekule i helga. Konklusjonen til forskarane er ikkje at foreldre må slutte å drikke alkohol, men at det kan gi god effekt om dei drikk litt mindre og litt sjeldnare. Mindre endringar i drikkemønster kan ha stor betydning for barna.

Vaksne sitt behov for opne ølkraner får stor merksemd i media, medan barns behov for alkoholfrie foreldre blir mindre omtalt. Dette er tema som barn synest det er vanskeleg å snakke om, og derfor er det viktig at andre sørger for å sette det på dagsorden.