Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) inviterer til ei brei høyring om reversering av domstolsreforma. Ho har likevel alt no bestemt seg å gi vetorett til nokre få.

Dette vitnar om mangel på respekt for høyringsinstituttet.

Når ein inviterer til høyring må ein ha vilje til å lytte til innspela frå alle som deltar. Då kan ein ikkje på førehand dele inn i eit A-lag og eit B-lag der A-laget får bestemme, heilt uavhengig av argumenta og omsyn til kven sine rettar dei representerer.

Senterpartiet har heile tida vore mot domstolsreforma. Partiet treng inga ny utgreiing for å ta standpunkt i den saka. Truleg vil inga høyring nokon gong få endra dette. Det er heilt greitt.

Saka er alt grundig greidd ut.

Domstolkommisjonen har levert bandsterke utgreiingar. Senterpartiet står sjølvsagt fritt til å leggje vekt på andre verdiar enn det kommisjonen gjorde i forslaget ei langt sterkare endring enn det Solberg-regjeringa og Stortinget gjekk inn for.

Men no sender altså regjeringa ut eit forslag om å reversere domstolsreforma på høyring. I spørjetimen i Stortinget onsdag åtvara Mehl andre mot å konkludere før denne høyringa er over.

Slik bør det sjølvsagt vere. Men ikkje berre fordi regjeringa har plikt til å sende lovforslag ut på høyring, men fordi det er smart å lytte til alle argument.

Dessverre har åtvaringa hennar lite truverd når det gjeld regjeringa sin vilje til sjølv å lytte. I Hurdalsplattformen er det allereie konkludert, også kven sine høyringsuttalar som har verdi.

Her står det at einaste unntaket for å gå tilbake til den gamle strukturen er der domstolsleiar, kommunane i rettskrinsen og dei tillitsvalde er samde om å la vere.

Tre partar har altså fått vetorett.

Dette kan ikkje tolkast på anna vis enn at dersom ein av dei tre – kommunane, tillitsvalde eller domstolsleiaren er imot å behalde dagens ordning, skal den gamle tingretten opprettast på nytt.

Regjeringa vil altså høyre på kva lokale kommunestyre meiner, enn kva andre meiner. Barneombodet eller Dommerforeningen skal altså få lov til å vere urolege for at reverseringa vil svekkje kvalitet og rettstryggleik, men regjeringa vil ikkje bry seg når den konkluderer.

Ein liten tingrett treng sjølvsagt ikkje alltid å vere til hinder for god rettstryggleik. Problemet er at justisministeren alt har konkludert.

Ho seier at ho ber om innspel og hevdar at prosessen blir betre no enn sist, men ingenting av dette står til truande. Høyringa står fram som eit reint pliktløp av ein skinnprosess.