Ordførarar frå søre Sunnmøre og Nordfjord, sjukehustilsette og andre innbyggarar frå begge sider av fylkesgrensa gav helseminister Bent Høie (H) tydeleg tilbakemelding då han besøkte Volda i går; Akuttkirurgien ved sjukehuset i Volda må bergast. Ei fjordkryssing til Ålesund må på plass før tilbodet kan fjernast. Noko anna vil vere fullstendig uforsvarleg. Dette må helse-ministeren ta på alvor i det vidare arbeidet med sjukehusplanen.

Statsråd Høie var invitert av ordførarane i Volda og Ørsta som ville informere om det velfungerande sjukehustilbodet i Volda, og peike på konsekvensane av ei nedbygging. Bakgrunnen er at Høie i den nasjonale sjukehusplanen, som vart lagt fram tidlegare i år, opna for å fjerne akuttkirurgien ved Volda sjukehus. Dette har skapt både sinne og frykt.

Tidlegare i år uttalte helseministeren at eit sjukehus bør ha eit pasientgrunnlag på minst 60.000 innbyggarar for å behalde akuttfunksjonen I sjukehusplanen står sjukehuset i Volda oppført med rundt 45.000 innbyggarar. Men utbygginga av Eiksundsambandet og Kvivsvegen har utvida regionen, og knytt Sunnmøre og Nordfjord tettare saman. Dersom ein inkluderer Nordfjordkommunane Hornindal, Stryn og Eid er det nærare 70.000 innbyggarar som no kan kome seg til sjukehuset i Volda i løpet av ein time med ambulanse.

Dette pasientgrunnlaget burde vere stort nok til å kunne berge akuttkirurgien, og viser at det er viktig å vurdere sjukehustilbod på tvers av fylkesgrensene. Målet må vere å utnytte ressursane best mogleg. Det er behov for å tenke framtidsretta om organisering av helsetenester, og det er behov for grundige analysar av sårbarheit før ein konkluderer.

Ein sjukehusmodell, som kan sjå bra ut på skrivebordet, er ikkje nødvendigvis den ideelle i ein region med rasfare og fjordkryssingar. Derfor er det viktig at avgjerda blir forankra lokalt. Den sterke folkelege mobiliseringa i går viser kor viktig sjukehuset i Volda er for innbyggarane på søre. Engasjementet gjer inntrykk. Eit trygt sjukehustilbod er avgjerande for utviklinga i regionen.