To liv gjekk tapt, ei kvinne er kritisk skadd og ein ung bilførar er sikta. Ulykka i Blindheimstunnelen fredag før pinse er ei botnlaus tragedie.

Aller tyngst er det for dei som er direkte ramma og deira nære.

Sjokket og sorga set samstundes eit sterkt preg på heile lokalsamfunnet. Svært mange kjenner på ei djup fortviling over det meiningslause når slikt skjer.

Ulykka i Ålesund er dessverre berre ei av lengre rekkje av alvorlege trafikkulykker denne våren. Så langt i år har nær 50 liv gått tapt.

Dette er dobbelt så mange som på same tid i fjor.

Møre og Romsdal var det einaste fylket i landet utan dødsulykker i trafikken i 2022.

Heilt til fredag.

Både i mars, april og mai har talet på omkomne på vegane vore høgare enn i fjor. I mai åleine miste 21 menneske livet. Vi må heilt tilbake til 2008 for å finne ein mørkare mai-månad. Mai var den verste ulykkesmånaden sidan juni i 2016.

Fire av dei omkomne miste livet i ein kollisjon mellom traktor og bil i Steigentunnelen i Nordland 16. mai, ei av fleire ulykker med mange offer.

I fjor gjekk åtte liv tapt i trafikken i mai.

Ei dødsulykke er ei for mykje. Kvart dødsoffer og kvar som blir skadd for livet er like meiningslaust. Nettopp derfor er kampen for å hindre alvorlege ulykker så viktig.

Dei siste tiåra har det gått rett veg.

Frå tusenårsskiftet og fram til i fjor har talet på dødsoffer i trafikken gått frå 341 til 87. Aldri før i moderne tid har talet på omkomne vore så lavt.

Talet på alvorleg skadde har på same tid blitt halvert.

Bak denne utviklinga ligg den nasjonale nullvisjonen med mål om null drepte i trafikken. Eit langvarig, målretta og systematisk arbeid med trafikktrygging har gjort det mogeleg å nærme seg dette målet.

Tryggare køyretøy, betre køyreopplæring og fleire kontrollar er noko av det som har virka. Satsinga på betre og tryggare vegar har også vore viktig, blant anna med skilde køyrefelt eller midtdelar på strekningar med stor trafikk og høg ulykkesrisiko.

Dei norske resultata har utmerka seg internasjonalt.

Det viktigaste vi som samfunn kan stille opp med når ulykkene skjer, er omsorg og omtanken vi kan gi til dei som er ramma. Alle involverte er offer som treng vår støtte.

Samstundes må alle ulykker vekkje få oss til å handle. Dei mange ulykkene i vår fortel oss at vi har ein lang veg å gå for å nå nullvisjonen. Den viktigaste jobben ligg framleis framfor oss.

Kvar ulykke vi klarer å hindre er ei tragedie mindre.