Senterpartiet, med Trygve Slagsvold Vedum i spissen, kravde i fjor vår at Erna-regjeringa måtte sørge for nasjonal produksjon og beredskap av smittevernutstyr. Senterpartiets forslag, som fekk fleirtal i Stortinget, handla mellom anna om å etablere beredskapsavtaler med norske bedrifter for nettopp produksjon av smittevernutstyr. No sit Senterpartiet sjølv i regjering, med Vedum som finansminister, og ingenting skjer.

Det er i alle fall opplevinga til bedrifta Innovern AS i Sykkylven, som produserer munnbind. Bedrifta har i lang tid etterlyst svar på spørsmål om nasjonal beredskapsproduksjon av smittevernutstyr. Dei må ha klare svar for å vite om dei skal drive vidare, legge ned, eller satse på å utvikle andre produkt. Dei får ikkje svar. Dagleg leiar Grethe Loe i Innovern seier til avisa Nyss at det er som å stange hovudet i veggen. Innovern i Sykkylven var ei av verksemdene som kasta seg rundt og fekk sett i gang produksjon av godkjent smittevernutstyr då pandemien ramma. Dei har fått mykje fortent ros, fordi dei klarte å snu krisa til noko positivt.

Pandemien viste oss kor livsviktig det er med nasjonal produksjon av smittevernutstyr. Mangel på munnbind, eingongshanskar og smittevernfrakkar vart dramatisk for sjukehus og omsorgstenester i fleire europeiske land. Årsaka til mangelen var at produksjonen av desse varene er blitt flytta til lågkostland i Asia. Dei siste åra har vi lært at internasjonale forsyningsliner kan svikte, og det må vi ta konsekvensen av.

Koronakommisjonen kalla det alvorleg svikt at styresmaktene ikkje var godt nok førebudde på krisa som pandemien skapte. Å verne befolkninga mot smittsomme sjukdommar, er ei heilt sentral oppgåve for styresmaktene. Alternativet til nasjonal produksjon, er at vi på nytt blir avhengige av leveransar frå Kina, og det er i ferd med å skje no. Norske bedrifter som produserer smittevernutstyr, blir pressa ut av marknaden fordi det er billegare å importere varene. Så lenge alt handlar om pris – og ikkje kriterium som kvalitet, berekraft og sikkerheit, – taper dei norske bedriftene.

Handelsavtalen med EU er blitt framheva som eit hinder for at det offentlege kan favorisere norske produkt når offentlege innkjøp må ut på anbod. Andre land har funne løysingar på dette, og det må også Norge klare. Sjølv om vi ønskjer færrast mogleg hindringar i handelen med andre land, er det nødvendig med unntak for utstyr som sikrar nasjonal beredskap. Derfor hastar det å sjå på krava som blir stilt i anbodsprosessar, slik at dei bedriftene som kan sikre produksjonen av smittevernutstyr, blir i stand til å overleve.