Om Haram kommune blir sjølvstendig att om knappe to år, skjer det gjennom ei skilsmisse for både historiebøkene og bankbøkene.

Dette blir unikt, dyrt og risikofullt.

Uansett kva utfallet må bli, må innbyggjarane bli spart for å ta rekninga med ei kommunedeling. Det er nok om dei må bere den langsiktige risikoen ei slik deling gir.

Alt tyder på at Ålesund blir den einaste kommunen som vil sprekkje etter kommunereformen. Ingen andre kommuner der det er nytta tvang er er i ferd med å ta ut skilsmisse.

Det er berre desse regjeringa opnar lommeboka for.

Ei splitting av Ålesund vil også bli historisk ved at det kan bli første kommunesplitting på 46 år. Førre gong var også Ålesund i ei hovudrolle då Sula forlot storkommunen i 1977.

Konsulentselskapet BDO har no levert sin rapport om kommunesplittinga. Torsdag får kommunestyret denne på bordet, dagen før første poststemme kan leverast.

Hovudfokuset for rapporten er korleis livet etter skilsmissa vil bli.

Kortversjonen er at det er knytt betydeleg risiko ved å gå kvar til sitt. Risikoen handlar om fare for svekka kvalitet på tenester, rekrutteringsvanskar og det krevjande med å omstille nok ein gong.

Faren er størst for den som er minst, Haram. På plussida er styrka lokaldemokrati, også her mest for Haram.

Men vegen fram til ei skilsmisse er heller ikkje beinkløyvd og rett fram. Uansett korleis livet som skilde vil bli — eller kva ein trur om det, så vil prosessen fram til dette også krevje sitt.

Dette kostar skjorta.

I BDO-rapporten er prisen spådd til å verte mellom 60 og 70 millionar kroner. Regjeringa har sagt at den vil ta reverserings-kostnaden, men utan å seie kor langt dei vil strekkje seg.

Kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) har i intervju understreka at pengebruken ved slike skilsmisser må vere nøktern. Folk og politikarar i skilsmisse-kommuner fortener eit betre og tydelegare svar.

Ei kommunedeling har kostnader som ikkje vil syne att i eit prosjektrekneskap.

Kommuneleiinga i Ålesund har meir enn nok med å få skuta dei styrer i dag på rett kjøl. Ei deling betyr nye prosessar og ny omstilling.

Alt dette gir i utgifter, tapte inntekter og tapt gevinstrealisering av omstillinga som er gjennomført så langt. At dette kostar, må ingen vere i tvil om.

Og nokon må betale prisen.

Det skal ikkje vere innbyggjarane i det som i dag er Ålesund kommune.

Her må regjeringa både ta ansvar og vere raus.