Senterpartiet og Arbeidarpartiet gjekk til val på å reversere Solberg-regjeringa si domstolsreform, og skulle gjenopprette 37 tingrettar. Måndag serverte regjeringa resultatet av vallovnaden.

Det har blitt til ein mager buffé. Talet har krympa frå 37 til fem.

For ordførarar som har kjempa for å få «sin» tingrett tilbake, må dette stå fram som eit mageplass frå regjeringa si side. Dei som er mest opptekne av rettstryggleiken kan derimot puste litt letta ut.

I januar 2022, to og ein halv månad etter regjeringsskiftet, sende justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) ut forslaget om å reversere domstolsreforma ut på høyring. Før domstolsreforma hadde 60 tingrettar i Norge. Etter reforma vart talet 23, men med dei gamle tingrettane som eigne rettsstadar.

Snart to og eit halvt år og 409 høyringssvar etter høyringa kjem altså resultatet. Berre seks av dei 23 tingrettane i landet blir omfatta av endringane.

Ein av desse er Møre og Romsdal tingrett.

Regjeringa foreslår no å dele Møre og Romsdal tingrett i to. Dei fire tidlegare tingrettane i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund blir altså ikkje gjenoppretta. I staden skal det etablerast to nye tingrettar, ein sør for Romsdalsfjorden og ein nord for den.

Ei slik løysing er stikk i strid med intensjonane i Hurdalsplattforma. Der er einaste unntaket frå reversering domstolar der domstolsleiar, kommunane og dei tillitsvalde i rettskretsen var samde om å oppretthalde dagens struktur.

Dette var ikkje tilfelle høyringsinnspela frå Møre og Romsdal, særleg ikkje frå sør og nord i fylket.

At mange av desse er skuffa i dag, er ikkje rart. Det må stå fram som svært spesielt for dei å høyre at justisministeren seier til NRK at ho er nøgd, og at vi no får ei god løysing for domstolane i Norge. Det må bety at ho har lytta meir til innspel frå tunge faglege instansar.

Domstoladministrasjonen, Høgsterett, Barneombodet, Riksadvokaten, Statsadvokaten i Møre og Romsdal, Politimeisteren i Møre og Romsdal, Instillingsrådet for dommere og Dommerfullmektigforeningen er blant dei som har åtvara mot reversering.

Dette er instansar som har peika på behovet for ein betre og raskare saksgang, større fleksibilitet og auka rettstryggleik framfor reine geografiske omsyn.

Justisministeren har brukt tid på å lytte til desse, og leggje gammal prestisje på hylla. At det har enda med brotne vallovnader og skuffa ordførarar kan vi tilgje henne. Det er umogeleg å finne ei løysing som er optimal og tilfredsstiller alle omsyn. Her har ho likevel lagt mest vekt på faglege råd om kva som varetar rettstryggleiken best.

Det må uansett vere det viktigaste.