Kampen om kvar kilowatt blir stadig hardare. Skal vi behalde låge kraftprisar til forbrukarar og næringsliv, må vi raskt auke kraftproduksjonen.

Det er ikkje like enkelt gjort som det er sagt.

God vilje og store visjonar er ein god start, men ikkje nok. Vi må løyse handbremsa og få opp tempoet. Dessutan må vi bruke krafta vi har smartare enn vi gjer i dag og har planar for framover.

Dagens kurs og tempo i kraftutbygginga gjer at vi går mot kraftunderskot i normalår innan få år. Prognosene peikar på at det kan skje om alt frå fire til åtte år, alt avhengig av kor raskt elektrifiseringa av samfunnet går fram.

Vi blir meir og meir sårbare jo nærmare vi kjem.

Sjølv om dei fleste reknar denne vinteren som eit ekstremt unntaksår, har vi ingen garanti mot nye prissjokk framover. Og sjølv utan gasskrise i Europa og tørrår i Norge, er vi på veg mot høgre normalprisar enn vi er vane med.

Regjeringa og partane i arbeidslivet møttes onsdag for å finne ei løysing på straumkrisa. Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap), LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid var heilt samstemte om at meir utbygging av både produksjon og nett er svaret.

Det kan knapt kallast rakettforskning.

Å ha teorien på plass er likevel ikkje det same som å få raketten til å ta av. Sjølv med satsing på både vasskraft, sol, havvind og vind på land, skal det godt gjerast å halde tritt med veksten i behovet. Det same gjeld framtidig nettkapasitet.

Mange bekkar små, kan bli til ei stor elv. Problemet er at vi langt på veg har bygd ut det meste av vasskrafta, medan vi i praksis har blokkert for storstilt utbygging av vindkraft på land.

Vindkraft til havs og solenergi vil gi oss marginalt med ny energi på kort sikt. Dette vil heller ikkje gi oss billeg kraft med det første. Havvindsatsinga vil neppe bli kommersiell lønsam utan storstilt subsidiering. Utan kablar til utlandet vil den slite endå meir.

Atomkraft har heller ingen stor politisk heiagjeng i Norge.

Kort sagt: Det finst ingen enkel veg fram mot å byggje ut kapasitet til rundt 47 friske TWh fram mot 2030, slik NHO meiner det er behov for. Vi kjem i alle fall ikkje dit med ord åleine. No er det på tide at vi får ein truverdig plan med konkrete tiltak som i sum fortel kva vi kan oppnå.

Skal vi unngå varig høgre straumprisar og varig svekka konkurransekraft, må vi også utnytte krafta meir effektivt.

Storstilt satsing på energieffektivisering er eitt grep. Å utsetje elektrifiseringa av sokkelen er eit anna.