Fem miljøorganisasjonar har i felles opprop slått fast at det skal vere null toleranse for vald som verkemiddel i miljøkampen. Valdelege handlingar har ingen plass i vår bevegelse, skriv Naturvernforbundet, Framtiden i våre hender, Natur og Ungdom, Greenpeace Norge og WWF Verdens Naturfond.

Det er viktig og heilt nødvendig at organisasjonane tek så tydeleg avstand frå valdeleg aktivisme. Oppropet kom etter at klimaaktivist, Joachim Skahjem, i torsdagens Debatten på NRK, uttalte at han trur vald kan bli nødvendig i klimakampen. Han var medlem av aktivistgruppa Stopp oljeleitinga fram til fredag, då han melde seg ut, på bakgrunn av usemje om aksjonsmetodar.

Skahjem har i ettertid understreka at han ikkje forsvarer vald mot menneske, men mot installasjonar. Han har vore med på å grise til skulpturane i Vigelandsparken med måling, og forsvart anna type hærverk. Å opne for vald mot installasjonar, til dømes oljeplattformer, er ei livsfarleg haldning, som kan sette menneskeliv i fare. Derfor bør ikkje slike haldningar bagatelliserast.

Klimaaktivisten viste til norske motstandsmenn som Gunnar Sønsteby og Max Manus for å rettferdiggjere sabotasje, men då har han ikkje gjort historieleksa si. Motstandsheltane kjempa mot ei okkupasjonsmakt, og deira kamp gjorde det mogleg for oss å leve i eit fritt og demokratisk land. Klimaaktivistar, som vil hoppe bukk over demokratiet, jobbar for det motsette, sjølv om intensjonane kan vere dei aller beste.

Alle ideologiar kan bidra til radikalisering, og det farlege er at valdshandlingar gradvis kan bli akseptert

Det er ingen tvil om at det hastar å nå klimamåla, og at vi alle har eit felles ansvar for å bidra. Men å opne for bruk av vald er destruktivt, og eit blindspor som skader miljøkampen.

Ein ekstremist blir definert som ein person som aksepterer bruk av vald for å skape endringar eller oppnå politiske mål. Alle ideologiar kan bidra til radikalisering, og det farlege er at valdshandlingar gradvis kan bli akseptert. I den nasjonale trusselvurderinga har PST peika på at den største terrortrusselen mot Norge kjem frå personar med høgreekstrem eller ekstrem islamistisk overtyding. PST vurderer det som svært lite truleg at venstreekstremistar eller aktivistar knytt til klima, miljø- og naturvern vil forsøke å gjennomføre terrorhandlingar.

Dette har samanheng med at dei norske miljø- og naturvernorganisasjonane alltid har hatt ei klar ikkje-valdeleg haldning. Derfor var det viktig at desse organisasjonane reagerte, då det sist veke oppstod tvil om denne haldninga. Det må ikkje herske nokon tvil om at valdsbruk aldri kan godtakast som politisk verkemiddel.