Meir enn 30.000 flyktningar er busette i norske kommunar i år. Det er eit historisk høgt tal som viser solid evne og stort hjartelag i ei krisetid.

Dette vil vi få like mykje bruk for neste år.

Behovet for å ta imot flyktningar frå det krigsherja Ukraina blir ikkje mindre. Russisk terrorbombing av sivil infrastruktur og ein krig i langdrag gjer at vi må ta imot fleire.

Denne jula har vi sett, høyrt og lese mange historier om korleis ukrainske flyktningar har blitt tekne imot i store og små kommunar. Historiene er prega av tap og sorg, men også takksemd.

Familiar og enkeltpersonar har forlatt alt for å flykte frå krigens gru og har kome til eit land dei ikkje kjenner.

Flyktningar frå ukrainske storbyar med fleire hundre tusen innbyggarar har blitt busette i store og små norske bygder og byer. Nær alle kommuner har stilt opp i dugnaden, og resultatet er så langt imponerande.

Blant fylka er det Nordland som har tatt imot flest. Kommunane der har busett nær 2.500, eller vel ein prosent av folketalet. I andre enden ligg Oslo, som har busett færrast både i absolutte tal og i prosent av folketalet.

Alle kommunane i Møre og Romsdal har stilt opp. I år er det busett over 2.300 her i fylket. Berre Nordland og Troms og Finnmark har teke imot fleire målt mot folketalet.

Blant kommunene i Møre og Romsdal er det Molde som har busett flest med over 300. Ålesund har vedteke å busette 410, men har ifølgje tala frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) tatt imot knapt halvparten.

I mange tilfelle er det mangel på bustadar som er flaskehalsen. Faren er at det problemet vil verte større neste år om regjeringa sine prognoser slår til. Då kan det bli aktuelt å finne husrom til 5.000 fleire enn i år.

I mange kommuner har ein i år alt teke i bruk ledige fritidsbustadar for å stille opp i årets dugnad.

I tillegg kjem utfordringar med å skaffe utdanning, arbeid, barnehageplass og helsetilbod til 5.000 fleire flyktningar enn i år.

Vi har ikkje noko anna alternativ enn å setje alt inn på å gjere ein like god jobb som i år, både for å hjelpe dei som må flykte frå krigen og dei som blir i Ukraina. Også neste jul må historiene om ukrainske flyktningar handle om vår vilje og evne til å løfte i lag.

Slik kan vi vise våre verdiar sin styrke i kampen mot Putins terror.

Hjartevarme for dei som lir i krigen og dei som må røme for å for finne tryggheit for seg og sine er vårt våpen.