Natt til onsdag kom dei to terrorsikta søstrene frå Bærum til Norge saman med sine tre barn. Det er fleire årsaker til at det både var rett og nødvendig å hente dei heim. Først og fremst av omsyn til barna, som ikkje skal lide på grunn av mødrenes dårlege val. Livet i interneringsleiarane nord i Syria er blitt omtalt som torturliknande forhold. Journalistar som har besøkt leirane har fortalt om barn som har leika med sverd, simulert halshoggingar og fått opplæring i det ideologiske fundamentet til Den islamske staten (IS). Å la barn vekse opp under slike forhold, aukar faren for radikalisering. Derfor er det også nødvendig av omsyn til Norges tryggleik å hente heim desse barna med norsk statsborgarskap.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt har forklart at operasjonen med å få kvinnene og barna ut frå Syria, har gått føre seg sidan desember i fjor. Bakgrunnen var at mødrene bad om konsulær bistand, og ville tilbake til Norge på grunn av barnas helsesituasjon. Søstrene frå Bærum reiste til Syria i 2013, då dei var 16 og 19 år gamle.

Då ei IS-sikta kvinne og dei to barna hennar vart henta heim frå Syria i 2020, førte det til at Frp gjekk ut av regjering. Partiet har argumentert med at kvinnene heller burde bli stilt for ein internasjonal domstol i Syria, enn å bli henta til Norge. Men ein slik domstol finst ikkje. Både FN og USA har oppmoda alle europeiske land om å hente heim sine statsborgarar. Det same har dei kurdiske sjølvstyresmaktene, som opplever interneringsleirane som tikkande bomber.

Så snart kvinnene sette sine bein på norsk jord, vart dei arresterte av politiet. Dei er no varetektsfengsla i fire veker, sikta for medverknad i terrororganisasjon. PST ser fram til lange og omfattande avhøyr. Eit sentralt tema i etterforskinga vil vere å finne ut om kvinnene si deltaking har vore frivillig. Har dei til dømes vore involvert i propaganda og rekruttering, og har dei vore med på å halde jesidi-kvinner som slavar?

Det blir opp til det norske rettssystemet å avgjere om dei to kvinnene har gjort seg skuldig i noko straffbart, og kva straff dei i så fall skal ha. Rettssaka kan også bidra til å avklare kva som fekk kvinnene til å reise til Syria, og kva som kan gjerast for å førebyggje radikalisering.

FN-organisasjonen Unitad er i gang med å etterforske IS sine overgrep mot jesidiane og andre minoritetar, men det er vanskeleg å samle bevis. All informasjon som kan kaste lys over livet i terrorstaten er derfor viktig. Dei skuldige for dei grove brota på folkeretten må stillast til ansvar. Det destruktive menneskesynet til IS må flombelysast, slik at fleire kan oppdage faresignal i tide.

Å la barn vekse opp under slike forhold, aukar faren for radikalisering