Lærerstreiken held fram trass nye runder hos Riksmeklaren i helga. For dei streikeramma elevane blir det meir og meir alvorleg for kvar dag som går.

Mange har vore nesten heilt utan undervisning sidan skulestart.

Det er ei tapt tid som dei ikkje får att. Etter to år med redusert skulegang under pandemien blir dette særleg alvorleg. Aller verst er det for dei som frå før slit mest.

Laurdag og søndag møtte Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag og Skolenes landsforbund motparten KS hos Riksmeklaren. Tonen var rapportert å vere konstruktiv, men altså ikkje konstruktiv nok.

Avstanden var for stor til at Riksmeklaren såg nokon vits i å leggje fram ei ny skisse til løysing.

Difor kjem truleg 300 nye lærarar til å gå ut i streik frå i morgon. Samla tal på streikande bikkar då 8.450.

Allereie då streiken starta før sommaren var det klart at dette kunne bli langvarig. Det har slått til. Lærarane finn seg ikkje i å kome dårlegast ut nok ein gong.

KS ser seg på si side bundne av partane som godtok oppgjeret i vår, mellom anna sjukepleiarar og reinhaldarar.

KS vil heller ikkje forskottere noko på neste års oppgjer. Gir KS mykje no, kan dei andre forbunda krevje reforhandling av sine oppgjer.

Lærarane har ein soleklar rett til å streike. Det er også forståeleg at dei er misnøgde med å sjå at andre grupper forsyner seg med meir av kaka enn dei. Dei færraste likar at andre blir prioritert framfor ein sjølv

Og streik skal «gjere vondt».

I det private vil ein streik svi på botnlina hos arbeidsgjevar. I det offentlege er det ikkje så enkelt. Her er det nesten alltid tredjepart som får svi mest. Presset på partane kjem i stor grad som eit resultat av den skade streiken påfører andre.

I denne streiken taper kommunane og fylkeskommunane ingenting. Tvert om så sparer dei lønskostnader. Lærarane har på si side ei solid streikekasse som gjer at dei kan halde streiken gåande lenge.

Offeret er elevane.

Dei som lir aller mest er dei elevane som frå før hadde dei største utfordringane, både med læring og eiga psykiske helse. Deira lovfesta rett til undervisning kjem i klem under lærarane sin rett til å streike.

Ansvaret for å løyse floken ligg på partane. Begge partane. Ansvaret for skaden elevane blir påført, ligg på partane. Begge partane. Klarer dei det ikkje å ta det ansvaret, må regjeringa snart ta det frå dei.

Smertegrensa er no nær. Tvungen lønsnemnd bør berre vere dagar unna, ikkje veker – for elevane si skuld.