Ungdom som får framtida sett på vent fordi dei ikkje får læreplass, er meir utsette enn andre for å hamne i langvarig utanforskap. Samstundes er det eit tap for samfunnet.

Når bedrifter manglar fagarbeidarar, svekkjer det både bedriftene og den samla verdiskapinga i samfunnet.

Stadig fleire unge søkjer seg til yrkesfag. I Møre og Romsdal søkte over 60 prosent seg til yrkesfaglege utdanningsprogram. Dette plasserer fylket heilt på topp saman med Nordland.

Utviklinga er eit resultat av mange tiltak og langvarig innsats nasjonalt og lokalt. For bedriftene gir dette betre tilgang til kompetansen dei treng. For regionen er det positivt fordi fleire unge kan bli buande.

Dei aller fleste kjem seg relativt raskt ut i lære og vidare i fullt løna arbeid. I Møre og Romsdal har 1.100 søkjarar fått læreplass så langt i år. Dette er over 80 prosent av alle som har søkt.

Dessverre står kvar femte søkjar framleis utan plass.

I nokre tilfelle er det fordi det manglar læreplassar i faga dei har utdanna seg i. Andre har ikkje fått plass fordi lærebedrifter meiner dei ikkje er godt nok kvalifiserte.

Møre og Romsdal fylkeskommune frir no til bedriftene for å få dei til å strekkje seg litt ekstra.

Årsakene til manglande kvalifikasjonar kan vere samansette. Mellom anna manglar fleire utplassering i bedrift og praksis under utdanninga på grunn av pandemien. Andre kan ha meir personlege utfordringar.

Felles for dei som blir ståande utan læreplass, er uansett at dei ikkje får fullført utdanninga dei har starta på – og livet blir sett på vent. Konsekvensane for den enkelte kan verte alvorlege i form av langvarig utanforskap.

Ein rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB) fortel at elevar som ikkje får læreplass har dobbelt så høg risiko som andre for å ikkje kome seg i arbeid.

Med slikt utanforskap følgjer det også auka fare for framtidige utfordringar både økonomisk og helsemessig.

Det er ingen tvil om at dette er eit samfunnsproblem.

Fylkeskommunen ber bedriftene om å ta samfunnsansvar og ta inn også lærlingar som har særlege utfordringar. Ein får håpe at nokre høyrer på den bøna. Det er heller ikkje tvil om at næringslivet har sin del av ansvaret, men på lang sikt er det fleire som må ta ansvar.

Det aller viktigaste er å gi undervisning, skape motivasjon og yte ekstra hjelp og støtte til dei som treng det, slik at dei blir kvalifiserte for læretida.

Ressursane til å gjere dette ligg i skulen og helsevesenet, ikkje i bedrifter flest.