Planane for Sørsida i Ålesund er det største byutviklingsprosjektet for sunnmørsbyen i moderne tid. Så langt har det levd eit liv på teiknebrettet.

No er det tid for å ta det vidare.

Det vil bli krevjande, og mange partar må samhandle godt. I ein slik fase er det særleg viktig å stokke beina rett, slik at ein ikkje snublar på veg over målstreken.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein av fødselshjelparane for prosjektet saman med Ålesund kommune og Teatret Vårt gjennom satsinga i Sørsidebygget. Tanken er at realiseringa av bygget skal vere katalysatoren som utløyser andre, private initiativ.

At det skjer endringar i behov og prosjekt i løpet av ein lang planperiode er naturleg.

Ein må likevel vakte seg for at endringane fører til forvitring og at samanhengskrafta i satsinga smuldrar bort. No må dei offentlege aktørane sørge for å halde stø kurs.

Fylkesutvalet sørga tirsdag for å presisere akkurat dette med å slå fast at planane om ein vidaregåande skule på Sørsida må ligge fast. Det var ei naudsynt presisering.

Sidan fylket la denne skulen inn i sine planar, ser nemleg ambisjonane ut til å ha tatt ei anna retning.

Til saka hadde fylkesadministrasjonen gjort framlegg om å samle 100 fylkeskommunale administrative arbeidsplassar på kulturhamna saman med kulturfunksjonar knytt til vidaregåande utdanning og kunstmuseum. Det vart også slått fast at det opphavlege vedtaket frå 2013 om ein eigen vidaregåande skole i sentrum ikkje lenger er realiserbart.

Det skal eit godt trent auge til å sjå att intensjonane i skulevedtaket frå 2017 i dette framlegget. At areal er avsett til fellesfunksjonar for den kommunale kulturskulen, Teateret Vårt og dei kreative linene ved den vidaregåande skulen, er ein god idé.

Men om elevane må pendle til desse lokalitetane, er ikkje det det same som ein sentrumsskule.

Skulen må etablerast med eit fullverdig fagtilbod for dei linene som skal høyre heime der. Det er best for elevane, det er best for utviklinga av Ålesund sentrum og for realiseringa av Sørsida. Også eit fleirtal i fylkesutvalet slo tirsdag fast at dette må liggje fast.

Politikarane vil halde fast på å realisere sentrumsskulen i tråd med intensjonane i vedtaka frå fire år tilbake. Ein konsekvens kan bli at byggetrinn to ved Ålesund videregående skole i Fagerlia til ein halv milliard kan bli stroke av planane.

Med dette på plass vil fleirtalet bak vedtaket bli endå større i fylkestinget i desember. Det er ein viktig korrigering av kursen og framdrifta for prosjektet.