Fleire tusen norske bruer er i ei elendig forfatning. For heile 5.600 har forfallet kome så langt at det går ut over trafikktryggleiken.

For så mange som 342 riks- og fylkesvegbruer utgjer skadane ein alvorleg trafikkfare.

Skadar på rekkverk er den vanlegaste feilen.

Langs det norske riks- og fylkesvegnettet er der rundt 17.000 bruer, med smått og stort. NRK har undersøkt statusen på desse i Vegdirektoratet si eige register «Brutus».

Ei tilsvarande undersøking VG gjorde i 2017 og 2018.

Den gongen var det skadar eller manglar på rekkverket på 2.000 bruer. Totalt var det då skadane på nær 1.100 bruer så store at det var kritisk for bereevne eller trafikktryggleik.

Samla pris for etterslepet på vedlikehald var 15 milliardar.

Samanlikninga mellom status då og no syner i beste fall at det går svært sakte framover. Forklaringa er naturleg nok at det er svært kostbart. Berre på fylkesvegbruene i Møre og Romsdal vil det koste rundt 1,6 milliardar å tette etterslepet.

I Vestland er talet etter det NRK har fått opplyst meir enn det doble.

Omfanget på skadane og dei store kostnadane det vil krevje å utbetre dei, gjer at vi må akseptere at dette er eit problem det vil ta tid å løyse. Vi må likevel ha lov til å vere utolmodige og forlange større tempo.

Dessverre er ei av forklaringane på det enorme etterslepet at store vegprosjekt har større politisk prestisje enn vedlikehald. Det er svært sjeldan kontroll og vedlikehald av vegnettet får stor merksemd i debatten.

Eit unntak dei seinare åra er sikringa av tunnelar.

Akkurat det kan vi helst takke EU og tunnelsikringsdirektivet for og ikkje norske samferdslepolitikarar som er ivrige på å prioritere vedlikehald framfor nybygging.

Vedlikehald av bruene og vegnettet elles har ingen slik EU-frist over seg.

Tempoet i vedlikehaldet av bruene må trappast opp. Vedlikehald er å ta vare på verdiar og spare skattepengar på lang sikt. Tiltak som betrar trafikktryggleiken må ha høgste prioritet.

VG sine saker frå 2017 og 2018 synte dessverre at det ikkje alltid var tilfelle.

Tala tyder på at det har vore ei betring dei 4–5 siste åra. Når 342 bruer framleis står med status alvorleg konsekvens for trafikktryggleiken, så er det for dårleg.

Her må både stat og fylkeskommunar ta eit større ansvar.

14 av desse bruene høyrer heime på vegnettet i Møre og Romsdal. I tillegg kjem bruer med skadar som går ut over bereevna, slik som Nerlandsøybrua i Herøy.

Det er å ta godt samfunnsansvar å redusere denne lista snarast råd.