Er det rett at sjukepleiarar skal bruke arbeidstid på å moppe golv, vaske klede og pynte til fest og høgtid? Alt dette er viktige oppgåver, men det kan vere god ressursbruk å la andre enn fagutdanna helsearbeidarar og sjukepleiarar utføre desse oppgåvene.

Dette er ein av konklusjonane i eit prosjekt som ein sjukepleiar ved ein sjukeheim i Bodø har vore primus motor for. Mange kommunar står overfor store utfordringar fordi behovet for omsorgstenester er venta å auke kraftig framover, samtidig som det er stor mangel på kvalifisert arbeidskraft. Sjukepleiar Synnøve Johansen ved Vollsletta sjukeheim i Bodø ville finne ut kva sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar på ein sjukeheim eigentleg bruker tida si på, og saman med kollegaer fekk ho i stand spørjeundersøking og kartlegging. Undersøkinga viste at mange med fagutdanning bruker tid på oppgåver dei ikkje treng utdanning til å utføre.

Denne kartlegginga vart starten på eit utviklingsarbeid som har skapt nasjonal interesse. Prosjektet, som er omtalt i bladet Sykepleien, har resultert i ny oppgåvefordeling og ny turnus, og gitt Bodø kommune økonomisk vinst: Det er ikkje lenger behov for å leige inn sjukepleievikarar frå bemanningsbyrå. Prosjektet har også kartlagt ønske om kompetanseheving. Sjukepleiarane ønska seg til dømes meir kunnskap om sårstell, diabetes- og stomiutstyr. Helsefagarbeidarane ville ha meir kunnskap om data og demens, medan enkelte assistentar gjerne ville ha bakekurs. Ved at alle yrkesgrupper kan bruke tid på det dei er best til, vil tilbodet til brukarane også bli betre.

Kommunens arbeidsgivarorganisasjon KS har stor sans for Synnøve Johansens metode og har inkludert arbeidet i eit større prosjekt som blir kalla Tørn. Målet er å finne andre måtar å fordele arbeidsoppgåver, slik at dei kommunale helsetenestene kan bli betre. Tørn-prosjektet skal også bidra til å auke andelen av heiltidstilsette med formell helsefagleg kompetanse.

Dette er eit godt døme på utviklingsarbeid som er initiert av medarbeidarar som er tett på brukarane. Det er stor mangel på helsearbeidarar og sjukepleiarar i Norge, og verre vil det bli i åra framover. Derfor er det viktig å kunne tenke nytt, både når det gjeld oppgåvefordeling og velferdsteknologi.