Fleire og fleire unge får medisin som hjelp mot psykiske lidingar. Utviklinga er urovekkjande.

Endå meir urovekkjande er auken blant dei yngste.

Vi veit for lite om kvifor dette skjer. Vi har også for lite kunnskap om konsekvensane av denne medikamentbruken blant barn og unge.

Bak veksten i medisinbruken er det ein stor auke i unge sine sjølvrapporterte psykiske plager. Einsemd, utanforskap, stress og press gjer at mange slit i kvardagen.

Fleire slit med psykiske lidingar, slik som angst og depresjon. Tala på unge som strevar med sjølvmordstankar er også høge.

Parallelt med dette veks altså bruken av legemiddel. Reseptregisteret sin statistikk syner ein auke i bruken av antidepressiva på heile 17 prosent i aldersgruppa 15–39 år på åtte år, melder NRK.

Brattast vekst er det for dei under 19 år.

Tala stadfestar ein trend som har peika jamt oppover dei siste tiåra. Ei forklaring er at fleire oppsøkjer hjelp, og får det. Større openheit om psykiske lidingar og eit betre helsetilbod kan vere ei årsak til dette.

Berre dei siste 20 åra er talet på unge gutar som går til psykolog dobla.

I same periode er det snakk om ei firedobling av unge jenter. Unge jenter toppar også statistikken for medikamentbruk i denne gruppa.

Unntaket er ADHD-medisinar. Der er andelen høgast blant gutane.

Det er sjølvsagt bra at unge som slit med si psykiske helse får hjelp. For mange er medikamentell behandling eit godt alternativ. Det er altså ikkje utelukkande negativt at fleire får medisin.

For ein ungdom som slit med sjølvmordstankar kan det vere langt farlegare om det ikkje blir skrive ut antidepressiva.

Terskelen for å gi unge slike medisinar skal vere høg, og skal uansett vere eit tillegg til anna behandling.

Likevel skal vi vere urolege for det som skjer. At vi veit for lite om kvifor dette skjer er ein ekstra god grunn til det.

FHI har tidlegare slått fast at det kan vere vanskeleg å forklare auken basert på tal for legemiddelbruk åleine. Ei forklaring kan vere at samfunnet utviklar seg i ei retning som gir dårlegare livskvalitet for fleire unge.

Det kan også vere eit symptom på at reseptblokka ligg lausare i legefrakken fordi terskelen til andre hjelpetilbod er for høg.

Begge deler er alvorleg.

Same kva årsakene er, kan vi ikkje stille oss likegyldige. Vi må i botnen av dette og finne forklaringane. Berre då kan vi setje inn effektive tiltak for å gjere noko med det.

Når vi bør sjå ekstra på medikamentbruken, er det også fordi vi har for lite kunnskap om konsekvensane av den.