I forkant av årets festivalsommar ropte fleire arrangørar varsku. Det var stor mangel på frivillige. Etter to års koronapause var det ikkje alle som kom springande tilbake for å gje av tida si som frivillige hender til ulike arrangement og aktivitetar. Jungeltelegrafen som fortalde om kor kjekt det var å vere frivillig, nådde ikkje lenger fram til nye rekruttar — for det var trass ikkje særleg sosialt å vere frivillig under pandemien.

Den kjende Roskilde-festivalen i Danmark var blant dei som fekk merke endringa. I forkant av pandemien var det ventelister for å få vere frivillig, men i år var situasjonen ein annan. Hundrevis av frivillige mangla, og undervegs i festivalen opplevde publikummarane lange køar som følgje av bemanningsmangelen.

Det er ikkje stort annleis i vårt eige nærområde. Til dømes mangla også Moldejazz 100 frivillige få dagar før festivalstart. Om problematikken høyrer til i festivalåret 2022, eller om det er ein trend som har kome for å bli, vert no diskutert i Roskilde-leiinga. Ein slik diskusjon må norske festivalar også ta, og fleire med dei. For det er ikkje berre festivalane som slit med frivillig-rekrutteringa etter pandemien.

Ifølge Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor melder 38 prosent av frivillige organisasjonar om store utfordringar med rekruttering av frivillige. Det er urovekkande, for om trenden ikkje snur, er den samla konsekvensen betydeleg større enn lange køar på festival.

«Utan frivillige stoppar Norge» er eit slagord som går att. Kanskje ikkje ei presis formulering, men heller ikkje direkte feil. For den reelle samfunnsnytten kan nemleg målast i kroner og øre. Ifølgje SSB blei det i 2018 utført frivillig arbeid for 78 milliardar kroner i Norge. Truleg blir estimatet for 2022 langt lågare.

Det passar derfor godt at 2022 er «Frivillighetens år» i Norge. Tanken er at alle frivillige lag og organisasjonar skal få vise seg fram, blant anna til nye potensielle eldsjeler. Og det trengst.

I Frivillighetsbarometeret 2021 kjem det fram at spesielt dei under 30 år bidreg lite med frivillig arbeid. Kanskje årsaka er like enkel som den 17-åringen Isabell fortalde til NRK: Ho hadde i grunnen aldri blitt spurt.

Vi får håpe at fleire blir spurt framover, og at mange takkar ja. Nye vennskap, ny kunnskap, og gleda av å skape noko i fellesskap er gode som alle fortener å kjenne på iblant.