Dette skrivebordsforslaget er ikkje i samsvar med politiske lovnader om at Ålesund, også i framtida, skal vere hovudsjukehuset med flest funksjonar i Møre og Romsdal. Likevel er dette forslaget blitt diskutert bak lukka dører i lengre tid. Sunnmørsposten meiner innbyggarane har krav på å få vite om vurderingane som blir gjort, og har derfor publisert rapporten.

Formålet med sentraliseringsforslaget skal ifølgje konsulentane vere å frigi areal ved sjukehusa i Volda og Ålesund. Men å bygge om, er ikkje nødvendigvis dyrare enn å bygge nytt. Dersom det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) er planlagt så romsleg at det har plass til funksjonar for heile fylket, bør arealplanen vurderast kritisk før bygginga startar. For vel eit år sidan vart det bestemt at det skal vere kjøkkendrift ved alle sjukehusa i Møre og Romsdal. Då er det underleg at ein i dag diskuterer om kjøkkendrifta i det mest folkerike området av fylket skal leggjast ned.

Det går føre seg to svært viktige planarbeid i Helse Møre og Romsdal for tida. Planane skal legge grunnlag for den framtidige sjukehusdrifta i fylket. Den eine utviklingsplanen handlar om dei medisinsk faglege tenestene som sjukehusa skal utføre, og den andre planen tek for seg dei bygningsmessige konsekvensane av drifta. Den overordna utviklingsplanen skal leggast fram for styret den 25. oktober, og deretter skal den ut på høyring. Den bygningsmessige utviklingsplanen, som Sunnmørsposten skreiv om før helga, skal vere ferdig ut på nyåret. Bortsett frå forslaget om sentralisering til Molde, inneheld planutkastet fleire offensive og gode tiltak for å sikre framtidsretta sjukehusdrift.

Helse Midt Norge og sentrale politikarar har slått tydeleg fast, gang på gang, at Ålesund sjukehus skal vere det mest differensierte sjukehuset med flest funksjonar i Møre og Romsdal. Denne stillinga blir stadig utfordra, og derfor er det behov for å passe på at lovnadane blir meir enn tomme ord.