Russland sitt blodige overfall på Ukraina for snart eitt år sidan, var eit tidsskilje. Eit meir desperat Putin-regime gjer at trusselen mot norsk og europeisk tryggleik stadig aukar.

Trusselen er meir alvorleg enn på fleire tiår.

Endringa blir langvarig. Putin er budd på eit varig brot med Vesten. Han har vist at han er villig til å bruke ekstreme makt for å fremje eigne interesser. Som næraste nabo til Russland må vi ta konsekvensane av det.

Etteretningstjenesten, Politiets sikkerhetstjeneste og Nasjonal Sikkerhetsmyndighet la fram sine årlege trusselvurderingar måndag. Sjølvsagt kom trusselen frå aust til å dominere.

Eitt år med storkrig i Europa er starten på ei ny tid.

Putin-regimet sin imperialistiske ambisjonar har vore tydelege lenge. Med angrepet på Georgia i 2008 og den ulovlege annekteringa av Krim-halvøya i 2014 viste regimet også at det hadde vilje til å bruke våpenmakt og vald.

Krigen i Ukraina er ei dramatisk forverring.

Russland har ikkje nådd sine mål på slagmarka. Ukraina sin evne og vilje til å forsvare seg har imponert deira vennar og skremt deira fiendar. Ved hjelp av vestlege våpenleveransarhar landet klart å stå imot overmakta.

Det som for Putin skulle vere ein kortvarig spesialoperasjon, har blitt ein blodig stillingskrig.

Svakheitene i Russland sin militære kapasitet har vorte avslørt på audmjukande vis. Saman med store økonomiske utfordringar på grunn av sanksjonar og kostnader ved krigføringa, har sett Putin-regimet under press.

Putin har heller ikkje klart å splitte Vesten. Tvert imot har Nato blitt styrka, og våpenhjelpa til Ukraina er massiv.

Ein meir desperat Putin blir ein meir farleg Putin. Han undertrykkjer all opposisjon i Russland med hard hand, og har skjerpa den aggressive retorikken mot Vesten. På same tid prøver han å skape nye alliansar, først og fremst mot Kina i aust, men også mot India, på det afrikanske kontinentet og i Midt-Austen.

Målet er å skape ei ny verdsordning og styrke sin eigen globale maktposisjon ligg fast.

Og han er villig til å gå langt for å nå dette målet og svekkje USA og Vesten.

Så lenge Putin sit ved makta, og jo meir han føler denne makta er truga, jo hardare middel vil han ta i bruk. Jo meir pressa han er, jo meir er han villig til å risikere. Og vestlege demokrati er hovudfienden.

Dette er ikkje noko som går over snart.

Vi må vere klar til å stå i dette lenge. Vi kan ikkje sjå på Russland som ein påliteleg nabo så lenge dette regimet regjerer.