NRK-serien om demenskor er blitt ein uventa publikumssuksess, prega av hjartevarme, humor og verdigheit. Vi følger ein gjeng kvinner og menn med demens, frå første korøving og fram til konsert i fullsett Chat Noir, og blir både rørt og imponert. Den openheita som dei demenssjuke og deira pårørande viser i programmet, er til både trøyst og hjelp for andre i same situasjon.

Korsongarane i serien deltok samtidig i eit forskingsprosjekt om musikk og demens, og resultatet viser at songarane fekk betre humør etter kvar øving. Resultatet er ikkje overraskande, men dokumenterer vitskapleg det mange har erfart: Å synge saman med andre skaper fellesskap og glede, og gir betre livskvalitet. Dette er særleg viktig for personar som lid av ein sjukdom som ikkje kan kurerast.

«Jeg satt og så NRK-serien og tenkte dette må vi ha i Ålesund», fortalde Astrid Overaa, som no dreg i gang demenskor saman med Gro Dalen og Siri Marie Gauslaa frå Ålesund kulturskole. Dei inviterer til folkemøte på Bymisjonssenteret i Ålesund 30. januar. Dette er eit strålande initiativ som fortener stor støtte, og som kan inspirere fleire.

Nasjonalforeningen for folkehelsen oppmodar alle kommunar om å starte demenskor. Menneske med demens kan ha gode og meiningsfulle dagar, dersom forholda blir lagt til rette for det. Samtidig er det slik at korsong ikkje passar for alle. For andre kan det vere meir aktuelt med fysisk aktivitet, handarbeid eller andre hobbyar. Poenget er å finne aktivitetar som stimulerer positivt, og som gir betre helse.

I tillegg til at tv-serien viser verdien av å engasjere demente, har den ein annan viktig funksjon: Den er med på å skape større respekt for menneska bak sjukdommen. Det er viktig, for framleis er det mange som opplever demens som skammeleg, og vanskeleg å snakke om.

Ein av deltakarane i programmet skildrar det å få demens, som å ikkje bli rekna som menneske lenger. Nedvurdering av medmenneske er ikkje berre sårande for dei det gjeld, men er også farleg for samfunnet. Vi er alle tent med eit samfunn der vi tek vare på kvarandre.

Serien er god folkeopplysning, samtidig som den engasjerer. Den tek også opp det triste og tunge ved demenssjukdom. Slett ikkje alle får den helse- og omsorgshjelpa dei har krav på, og mange lid i det stille.

Demenskor er ikkje løysinga på alle problem. Men midt i det mørke, kan song og musikk gi glimt av lys, håp og glede. Det er det all grunn til å heie på.

Vi er alle tent med eit samfunn der vi tek vare på kvarandre