Oljenæringa er Norge si viktigaste næring. Det vil den vere i mange år framover, trass i at tempoet i det grøne skiftet aukar.

Som alle andre næringar treng den tilgang på god kompetanse.

At fleire søkjer seg til studiar i oljefaga er positivt, og ikkje eit problem. Dette vil heller ikkje bremse det grøne skiftet.

Store delar av næringslivet i Norge slit med å rekruttere nok medarbeidarar og sikre seg naudsynt kompetanse. I mai i år slo NAV fast at norske verksemder manglar over 70.000 arbeidstakarar.

For nokre næringar har dette bremsa utvikling og vekst lenge, og gjer at viktige oppgåver ikkje blir løyst.

For andre er det eit resultat av at vi er inne i ein høgkonjunktur etter tronge pandemiår. Posisjonen til «nye» næringar kan gjere at dei får det ekstra vanskeleg, fordi dei kjem inn i ein marknad der kampen alt er hard.

MDG-nestleiar Ingrid Liland hevda i eit intervju med NRK før helga at regjeringa er med på å gjere det verre.

Fleire har søkt seg til oljefag i år enn i fjor.

Noko av skulda for dette gir ho til utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp), som i vår oppmoda unge til å velje slik utdanning.

Liland fryktar at dette vil gå ut over satsinga på grøn industri.

Norge har hatt kronisk mangel på ingeniørar i mange år. Størst var den i åra opp mot oljesmellen i 2014. Krisa i oljenæringane førte til at kampen om ingeniørane vart mindre intens.

Færre utdanna seg til petroleumsfag og maritim industri.

Likevel slapp ikkje ingeniørmangelen taket. Svært mange verksemder, både i privat og offentleg sektor, fryktar at dei tvert imot vil miste slik kompetanse.

Det skadar norsk verdiskaping og tenestetilbod.

Skal eit høgkostland som Norge trygge verdiskapinga og velferdsstaten i åra som kjem, må vi ligge i front på kompetanse.

Både den digitale utviklinga og det grøne skiftet vil forsterke dette behovet i åra framover.

Regjeringa må prioritere å syte for at vi er leiande på kompetanse.

Men det kan ikkje løysast med å gjere det vanskelegare for oljenæringa å få tak i kompetanse. Det vil ikkje gi oss større fart i det grøne skiftet.

At talet på søkjarar som har petroleumsfag ved NTNU som førsteval har dobla seg frå 20 til 41 på eitt år, har i alle fall knapt nok ein symbolsk effekt.

Vil MDG løfte rekrutteringa til dei nye, grøne næringane, bør partiet leite andre stadar.

Til dømes ved å kjempe for fleire studieplassar – i alle fag der det er mangel på arbeidskraft.