Eit forslag frå Venstre om å utvide grensa for sjølvbestemt abort til 18 veker allereie no, vart avist av eit solid fleirtal i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget sist veke. Heller ikkje eit framlegg om å skrote nemndbehandling av fosterreduksjon vart vedtatt. Forslaga fekk berre støtte frå SV og Raudt.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) oppmoda alle parti om å vente med å vurdere abortgrenser til eit utval har gjennomgått dagens lov, ordninga med abortnemnder og korleis kvinner som tek abort blir følgd opp. Dette er ein klok framgangsmåte, der ein får vurdert alle forhold.

Dagens abortlov sikrar kvinner rett til sjølvbestemt abort fram til veke 12, og deretter får fosteret gradvis eit sterkare vern. Mellom veke 12 og veke 18 kan den gravide få innvilga abort av ei nemnd, der det blir lagt vekt på kvinnas livssituasjon, og fosterets helsetilstand. Det er under fem prosent av abortane som blir gjennomført så seint, og dei aller fleste søknadar blir innvilga.

Når det blir argumentert for fri abort fram til veke 18, blir det mellom anna grunngjeve med at kvinner kan oppleve møtet med nemndene som byråkratisk og krenkande. Dette er det behov for å gjere noko med, for alle skal behandlast med respekt. Men ein må unngå å løyse eit problem ved å skape nye problem. For ei kvinne som blir pressa til å avslutte eit svangerskap ho ønskjer å fullføre, kan nettopp møte med nemnda gi verdifull støtte. Å fjerne alle kriterium for abort etter veke 12, vil ikkje berre fjerne det rettmessige vernet som fosteret har krav på, men kan også påføre sårbare kvinner ekstra belastning.

Jordmorforbundet har i sitt høyringssvar til forslaget om utviding av abortlova lagt vekt på at dagens lov fungerer godt, og gir uttrykk for uro over at barnets rettsvern kan forsvinne halvvegs i svangerskapet. SV og Raudt ønskjer å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 22. Jordmorforbundet skriv at det ikkje er uvanleg at barn fødd i veke 21 og 22 kan leve ei stund etter fødselen. Dette stiller helsepersonell i ein svært vanskeleg situasjon, og det må dei politiske partia ta på alvor.

Dagens abortlov har brei oppslutning i samfunnet, fordi den balanserer motstridande verdiar; kvinners rett til å bestemme over sitt eige liv, med eit aukande rettsvern for det ufødde barnet. Samtidig regulerer lova dei oppgåvene som samfunnet pålegg helsepersonell å utføre. Det hastverket som Venstre legg opp til for å endre lova, er lite tillitvekkande, og tek ikkje omsyn til at dette handlar om vanskelege etiske spørsmål.

I byrjinga av juni kjem denne saka opp i Stortinget, og dermed er det duka for første runde i debatten om abortgrenser i Norge.