Skadeskotne bedrifter som kjempar for overleving og med omstilling, vil ha mindre krefter til nyskaping og vekst. Den utfordringa pregar framleis delvis Nordvestlandet, sju år etter oljesmellen.

Nokre av lokomotiva har mista kraft og tilgangen på lokal risikokapital er svekka.

Det betyr ikkje at toget er gått.

Professor emeritus Torger Reve har vore fast inventar på konferansar i den maritime klynga på Nordvestlandet i mange år. Under årets verftskonferanse i Ålesund ringde han med varselklokkene.

Han etterlyser nyskaping og vekstbedrifter.

Teorien fortel at nye vekstbedrifter kjem innan områda ein er best på, men Reve ser ingen av dei nye vekstbedriftene i Norge i maritim offshore. Den maritime klynga krympar, og verfta er mest utsett.

Ein treng ikkje å vere professor for å sjå problema i det som lenge har vore vekstnæringa i nordvest. Oljekrisa slo først lufta ut av reiarlaga som var motor for både verft og utstyrsleverandørar.

Delar av den tradisjonelle sunnmørske risikokapitalen fekk også ein smell.

Andre havbaserte næringar som fiskeri og havbruk har gått godt, men utan å kunne fylle dette vakuumet. Den store veksten i havbruk har skjedd i selskap med hovudkontor andre stadar, og er i Møre og Romsdal avgrensa til enkeltselskap og brønnbåt-reiarlag.

Sjølv om dei store vekstnæringane nasjonalt og globalt først og fremst er innan IT, digitalisering, robotisering, nanoteknologi, delingsøkonomi og helsesektoren, vil framtidige vekstselskap med utspring på Sunnmøre vere liv laga.

Fornybarsektoren og dei havbaserte næringane er framtidsnæringar.

Her har Nordvestlandet unike konkurransefortrinn, ikkje minst rundt den maritime klynga og i dei marine næringane. Skal vi klare å dyrke fram vekstbedrifter blant dagens bedrifter eller dei mange oppstartsbedriftene, må vi likevel legge oss i selen.

Mangel på risikokapital er ikkje det største problemet, trass i at delar av den lokale kapitalen har krympa eller søkt hamn i til dømes eigedomsbransjen. Utfordringa er å kople kapital og gode idear og finansiere vekstpotensialet i dei.

Her bør det offentlege verkemiddelapparatet bli vridd meir mot innovasjon og kommersialiseringsfasen enn i dag. Så har vi også ei utfordring når det gjeld humankapitalen.

Den samla kompetansen i dei maritime og marine næringane er i dag ein styrke, men vi kan ikkje kvile på laurbæra. Næringslivet, utdanningssektoren må styrke innsatsen i jakta på dei smarte hovuda og dei flinke hendene.

Vi er godt posisjonerte, men ikkje åleine.