Bompengegeneral Frode Myrhol frå Fosnavåg fiskar etter eit fotfeste i Ålesund for partiet Folkets parti. Ei bomrekning til bilistane på over tre milliardar tenner håpet for valet neste år.

Vegen til suksess vil likevel bli bratt.

Partiet slit med å finne tilbake til formtoppen det hadde ved lokalvalet i 2019. Stortingsvalet i fjor enda med mageplask, og no har dei fått ein ny, mektig konkurrent.

Folkeaksjonen nei til mer bompenger reid på ei kraftig bølgje inn mot lokalvalet i 2019. Folk var i opprør mot bomringar og bymiljøavtalar i dei store byane.

I desse stormkasta gjorde partiet eit sjokkval.

Frå å vere eit anonymt parti frå stiftinga i 2014, fekk dei store grupper i bystyra i Bergen, Stavanger og Oslo. I Bergen vart FNB tredje størst bak Ap og Høgre.

Indre strid og mangel på politiske gjennomslag tok raskt over. Alt i valkampen var det full fyr i Oslo. Vel eit år etter hadde frontfigur Trond Aafløy i Bergen forlate partiet.

Bølga flata ut.

Ved valet i fjor var FNB knapt ei krusing. Myrhol måtte nøye seg med 3.371 røyster nasjonalt og berre 79 i heimfylket. Han har likevel ikkje gitt opp.

No blir bomstasjonane som skal finansiere store delar av bypakken i Ålesund, montert. 22. august startar innkrevjinga. Då er det slutt på ein periode der Møre og Romsdal var eit bompengefritt fylke.

Dette tenner håp for Myrhol og Folkets parti.

For sjølv om partiet no prøver å breie ut den politiske plattforma, er motstanden mot bompengar framleis ei hjartesak og ein nøkkel til suksess.

Striden om bypakken i Ålesund har vore hard og langvarig. I over ti år har det vore kamp om bompengar og kva tiltak pakken skal innehalde.

I fjor sommar vart bypakken vedtatt i Stortinget, akkurat tidsnok til å verte avklart før valkampen.

No kjem bommane. Dette er likevel ikkje ei død politisk sak. Slik var det heller ikkje i 2018 då bomringen på Nord-Jæren var på plass. Det var nettopp då den verkeleg gav liv til FNB.

Folkets parti har altså ei hjartesak i forsøket på å etablere seg på Sunnmøre. I tillegg til Bypakke Ålesund er innkrevjing på E39 mellom Ålesund og Molde på trappene.

Nivået på satsane på Nordøyvegen vekkjer også kampvilje.

Folkets parti har likevel ingen motorveg til valsuksess. Mangel på eit nasjonalt opprør og eit svekka omdøme er to av dumpane i vegen.

Forsøket på å breie ut partiet politisk, er heller inga enkel suksessoppskrift. Dette vil gjere partiprofilen mindre skarp.

I tillegg må Myrhol konkurrere med Frp.

Møre og Romsdal er Frp-fylket nummer ein i Norge, størst på medlemsmasse og størst på oppslutning. Partiet har sidan 2011 stått i front i kampen mot bypakken og sidan 2016 mot Møreaksen.

Etter regjerings-exiten i 2020 etter over seks år med samferdselsministeren, er også Frp sitt bompenge-truverd eit godt stykke på veg gjenoppretta.

Dette er ingen fartsdump for Folkets parti.

Her vil partiet møte bommen.