Eldreombodet blir kontakta av stadig fleire fortvila pårørande som skal assistere eldre familiemedlemmar med å betale rekningar. Innføring av tenesta «Alltid eFaktura» har ført til at det er blitt både tungvint og dyrt å hjelpe folk som ikkje er digitale. Det er synd at denne ordninga er med å forsterke det digitale utanforskapet som mange opplever.

Endringa, som vart innført 1. desember i fjor, betyr at du enkelt kan få digitale rekningar frå alle du har avtalt å kjøpe varer og tenester med, utan å måtte inngå eFaktura-avtale med alle enkeltvis. Ein eFaktura blir sendt elektronisk til mottakar, og kan behandlast automatisk i mottakaren sitt økonomisystem. Dette er i utgangspunktet positivt.

Ei kartlegging av bruken av elektronisk faktura, som vart utført på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet samt Nærings- og fiskeridepartementet i 2020, viste at samfunnet kunne spare både tid og pengar på ordninga. Tidsgevinsten for heile samfunnet ved overgang til elektronisk faktura vart anslått til 4,2 milliardar kroner per år. Medan gevinstar knytt til reduserte distribusjonskostnadar kunne bli på nærare ein milliard kroner per år. Det vart ikkje rekna på den meirbelastninga ordninga påfører alle som av ulike grunnar ikkje er digitale, og det burde fått større merksemd.

Det er bank- og finansnæringa sitt infrastrukturselskap Bits AS som har avgjort å avvikle den gamle fakturatenesta. Bits oppmodar pårørande om å kontakte selskapa som sender faktura om å få stå som mottakar av e-fakturaene på vegner av den ikkje-digitale, men så viser det seg at dei fleste selskap ikkje godtek dette. Eldreombodet peiker på at til dømes Telenor ikkje vil endre mottakar og belastar dermed den ikkje-digitale kunden med eit fakturagebyr på 79 kroner. For mange eldre kan dette bety mange tusen kroner i gebyr gjennom året, og det merkast godt for ein minstepensjonist.

Her er det kort og godt gjort ein for dårleg jobb. Bankane og finansbransjen burde ha sørga for å ha på plass ei fullmaktsløysing i god tid før fristen for omlegging gjekk ut i mai i år. I brev til Finanstilsynet og Bits krev Eldreombodet at det blir rydda opp i dette snarast. Verksemder som tilbyr finansielle tenester må etablere «på-vegne-av»-ordningar for betaling av elektroniske fakturaer, slik at barrierane for dei som hjelper eldre blir fjerna.

Eldreombodet gjer ein viktig jobb med å sette søkelys på dette problemet som vedkjem mange.