Det grufulle som skjedde i Oslo natt til søndag, pregar oss alle. Politiet veit førebels ikkje kva som var motivet bak masseskytinga, men vi veit resultatet. To personar vart drepne, 21 vart skadde og mange fleire er blitt alvorleg skremde.

Skytinga skjedde utanfor ein pub og møtestad for homofile, og politiet etterforskar saka som islamistisk terror. Uansett kva og kven som var mål for ugjerninga, så vart skeive hardast råka, og den storstilte Prideparaden gjennom hovudstaden måtte avlysast.

Alle har krav på å få elske den dei vil, og til å leve fritt og trygt utan redsel for å bli trakasserte. Dette er den viktigaste bodskapen i Pride-markeringane, og derfor er det meir enn tragisk at feiringa i Oslo vart stansa nettopp på grunn av eit valdeleg åtak.

Tusenvis av menneske med regnbogeflagg samla seg likevel i Oslo sentrum laurdag, til ein stille parade for å vise støtte til alle skeive. Det vart ei kraftfull markering av solidaritet. Ingen skal oppleve hatefull hetsing eller vald på grunn av seksuell legning. Det kan aldri forsvarast.

I helga har enkelte på sosiale medium lagt skulda for masseskytinga i Oslo på ulike personar som har ytra seg kritisk om Pride. Det er like meiningslaust, som å gi fredelege muslimar skulda for islamistisk terror.

Ein del av Prides kritikarar meiner koplinga til organisasjonen Fri er problematisk, fordi organisasjonen har standpunkt som mange opplever som kontroversielle. Det gjeld til dømes haldningar til sexkjøpslov og tidleg kjønnskorrigerande behandling. Desse politiske sakene må det sjølvsagt vere lov å ha ulike meiningar om, utan å bli skulda for oppvigling. Vi må skilje mellom sakleg argumentering, og hatefull sjikane som dehumaniserer medmenneske.

Grunnlaget for demokratiet vårt er at alle menneske er like verdifulle, uansett kjønn, legning, religion, funksjonsevne, etnisitet eller status. Samtidig skal alle former for politikk og religion fritt kunne kritiserast. Vi skal diskutere med ord, innanfor ytringsfridomens grenser, aldri med trugsmål og vald. Desse sentrale verdiane er det ingen terrorist som skal få klare å rokke ved.

Om drivkrafta bak gjeringsmannens handlingar er ideologi eller psykiatri, får den vidare etterforskinga vise. Det er altfor tidleg å konkludere. Framleis er det 11 land i verda som har dødsstraff for homofili basert på sharialover, medan over 60 land ser på forhold mellom personar av same kjønn som ei kriminell handling. Kampen for likeverd er på ingen måte over. Vi må stadig minne kvarandre på at kjærleik er sterkare enn hat.