Samfunnet går glipp av viktig kunnskap, når forskarar ikkje brukar tid på å formidle resultata av sitt forskingsarbeid. Mange vitskapleg tilsette på universitet og høgskular let vere å drive med formidling, og det svekker den kunnskapsbaserte, sanningssøkande kommunikasjonen i samfunnet. Det går fram av rapporten frå utvalet som har vurdert den akademiske ytringsfridomen i Norge. Utvalet, som er leia av Anine Kierulf, førsteamanuensis ved Universitet i Oslo, peikar på sjølvsensur som eit stort problem, og presenterer ei rekkje tiltak for å betre situasjonen.

Sjølvsensuren kan skuldast at det rett og slett ikkje løner seg for akademikarar å drive med formidling. Det som gir karrieremessige poeng er publiseringar i tunge fagtidsskrift og undervisning, ikkje det å stille opp i debattar. Sjølvsensuren kan også handle om at det er ubehageleg å stå for noko som går på tvers av det andre i ei gruppe meiner. Akademikarar som er avhengige av aksept og respekt i fagfellesskapa kan oppleve dette ekstra vanskeleg. Fleire forskarar fryktar ein polarisert debatt i media, og vegrar seg for å formidle på grunn av faren for hets.

Utvalet skildrar fleire døme på kanselleringskultur i norsk akademia. Til dømes at forskarar blir avinvitert til debattar eller undervisning, som følge av noko dei har sagt, og at enkelte forelesarar blir boikotta. Kanselleringskultur, scenenekt og utfrysing er alle omgrep som blir brukt når personar med «avvikande» meiningar blir forsøkt utestengt av fellesskapet, og blir hemma i å delta i den offentlege debatten.

Kierulfutvalet forslår fem endringar i universitets- og høgskulelova for å gjere institusjonane sitt ansvar for formidling tydelegare. Universitet og høgskular skal sikre at tilsette og studentar får god nok opplæring i akademisk fridom, og forstår verdien av meiningsmangfald og usemje. Det er også behov for trening i å stå i ubehagelege debattar, og tole meir.

Utvalet har levert ein grundig og poengtert rapport, med konkrete forslag til endringar, både i lovverk og opplæring. Rapporten har også med 10 ytringsvettreglar, som er nyttige for alle. Til dømes oppmodinga om å tolke argumenta til meiningsmotstandarar på best mogleg måte, og at det er inga skam å endre syn.

Vi har alle eit ansvar for å søke etter sanning, og vere nøye med fakta, uansett kva posisjon vi har i samfunnet. Undertittelen på rapporten samanfattar konklusjonen på ein god måte:

God ytringskultur må byggast nedanfrå, kvar dag.