Når barn og unge mishandlar dyr, må det reagerast. Dyr er levande vesen som skal behandlast med respekt. Det er viktig at slike handlingar blir stansa, både av omsyn til dyra, men også av omsyn til dei som utfører ugjerninga. Forsking viser at barn og unge som mishandlar dyr, har større risiko for å bli involverte i mobbing, skadeverk og andre forhold som kan utvikle seg til alvorlege valdshandlingar seinare i livet.

Politiet i Ålesund etterforskar ei sak der ein ung person kasta ei geit på sjøen. Geita overlevde, men på videoen kan ein høyre unge som ler når geita blir plaga. Videoen har opprørt mange, og det med rette. Det er positivt at folk tek avstand frå ugjerninga, men det er ikkje likegyldig korleis reaksjonen blir uttrykt.

I sosiale medium er videoen delt usladda, og i nokre ungdomsmiljø kan slike videoar gi likarklikk og status. Det er ille. Men det er like ille at folk kjem med trugsmål og hatefull sjikane. På enkelte facebooksider er det lynsjestemning mot dei unge, og det er både trist og fullstendig uakseptabelt. Vi lever i ein rettsstat, og det er politiet si oppgåve å etterforske, og avklare kva som skal skje vidare. Det må vi aldri gløyme.

Barn og unge kan trenge hjelp til å forstå rekkevidda av sine handlingar, og til å lære seg skilnaden på rett og gale. Gruppedynamikk der vald blir akseptert, må få alle varsellampar til å lyse. Saman med andre kan barn og unge utføre handlingar som dei aldri ville ha gjort åleine. Når videoar som viser slåstkampar, vald mot menneske eller mishandling av dyr blir delt ukritisk, har også publikum eit ansvar for å varsle.

Mange unge er ikkje klar over at dei kan få merknadar på rullebladet sitt, dersom dei utfører ulovlege handlingar. Slike merknadar kan gjere det vanskeleg å skaffe seg visum til enkelte land, og dei kan få vanskar med å ta utdanning til yrke som krev politiattest. Likevel er det ikkje slik at eit feilskjer i ung alder skal følge deg livet ut.

Eit viktig prinsipp, er at det skal vere mogleg å gjere opp for seg, og få ein ny sjanse. Unge skal ikkje definerast ut av samfunnet, men få hjelp til å bli ein del av det. Som storsamfunn må vi bidra til at alle kan bli inkluderte. Det er avgjerande at vi skil mellom handling og person. Det er uakseptable handlingar som skal fordømmast, ikkje personen. Alle kan lære av sine feil, og få hjelp til å kome seg vidare i livet.