Nesten alle verdas land deltok under den to veker lange FN-konferansen som blei avslutta i Montreal 19. desember. Der blei det semje om ein historisk naturavtale for å verne verdas land og hav dei neste tiåra. Det er ein stor siger for dei som har følt at naturkrisa har kome i skuggen av klimakrisa. Sjølv om det på mange måtar er to sider av same sak, er det ulike tiltak som må til for få bukt med utfordringane.

Forhandlingane har halde på i fire år, og sluttresultatet er talfesta globale mål for naturens tilstand i åra som kjem. Blant anna skal 30 prosent av verdas jord- og havområde ha ei form for vern innan 2030, og 30 prosent av all øydelagt natur skal vere restaurert.

I avtalen blir landa bedne om å utarbeide nasjonale planar for biologisk mangfald og vise at dei jobbar for å nå målsettingane. Ikkje ulikt oppskrifta til Parisavtalen, kor landa må levere inn nasjonale klimamål til FN.

Spørsmålet er berre om avtalen faktisk vil gje resultat. For også i 2010 blei det vedteke eit mål om 17 prosents globalt arealvern innan 2020. Det lukkast ikkje i det heile. Så korleis skal vi klare å nå målet denne gongen?

Vel, vi får begynne med oss sjølve først. Her i Norge har vi nemleg fleire område vi kan skjerpe oss kraftig på.

Forskarane trekk fram to «verstingar» i norsk natur. Og nei, det er verken kontroversielle vindmøller eller gondolar, men to ting nordmenn er veldig glade i: nemleg veg og hytter. Og desse tinga heng nøye i hop.

Gjennomsnittshyttene har blitt godt over 100 kvadratmeter, og med krav som bilveg heilt fram, kloakk og straum, er det enorme mengder veg og infrastruktur som må byggast for å gje hyttefolket det komfortnivået dei ønskjer.

At hyttebygging ikkje er bra for naturvernet, er for mange eit ubehageleg tema. Med 450.000 hytter i Norge er det openbert at dei fleste eig ei hytte sjølv eller er nær nokon som gjer det. I tillegg er det truleg langt fleire som har hytteplanar, for ifølgje Norsk institutt for naturforsking (NINA) er det sett av areal tilsvarande 200.000 fotballbaner til formålet.

Små kommunar er glade for omsetningsauken hyttefolk gir området, så det er jamt over liten vilje til å sette på bremsa for meir bygging. Men det er dessverre det vi må gjere no, før det er for seint.