Det er snart fem månadar sidan Russland invaderte Ukraina. Sjokket frå den første tida har lagt seg, og nyheitsbildet beveger seg vidare. Overskriftene og kvardagspraten er prega av inflasjonen. Mat, drivstoff, energi og byggemateriale. Det meste vi treng i kvardagen blir dyrare, i tillegg til renteauken, og det er ingen snarlege utsikter til betring. For å sitere statsminister Jonas Gahr Støre: – Det blir ein tøff vinter.

Mykje av prisauken har ikkje Norge kontroll over, så derfor blir det mest debatt ikring energiproduksjonen. Til dømes foreslår Geir Pollestad i Senterpartiet stans i straumeksporten for å avhjelpe situasjonen. Nordmenn er vane med eit høgt straumforbruk, og med den pågåande elektrifiseringa vil det berre bli høgare. Men med ein krig i Europa er det ein dårleg idé å kutte straumkablane nedover til kontinentet for å feie for eiga dør.

Frp har alltid vore for produksjon av olje og gass, men når Sylvi Listhaug no brukar energikrisa i Europa som argument for eit høgt norsk produksjonsnivå, så har ho eit poeng. Norge kan og bør stille opp ved å levere så mykje energi som overhovudet mogleg – fornybar eller ei – inntil EU har kome seg over kneika.

Onsdag foreslo nemleg EU-kommisjonen at unionen kuttar gassbruken med 15 prosent for å unngå krise til vinteren. Om dei 27 medlemslanda stemmer for forslaget, inneber det også maktbruk dersom frivillig innsats ikkje er nok. Det er eit dramatisk forslag, som dessverre står i stil med den dramatiske tida vi er inne i.

Om EU skal halde fram å vere like avhengige av russisk gass som i dag, er det heller ikkje ein god situasjon for Norge på sikt. Om vi ikkje står steilt imot Putin si hersing med Ukraina og Europa no, opnar vi samtidig opp for ytterlegare russisk aggresjon seinare.

– Vi bør slutte å klage, stille opp og gi støtte, sa Natos generalsekretær Jens Stoltenberg til EU-parlamentet tidlegare denne månaden. Ukrainske soldatar og sivile dør dagleg i kampen for eit fritt Europa. Resten av oss kan bidra med ein hakket mindre komfortabel kvardag enn vi vane med. Kva vi oppnår med det? Putin gamblar at på det vil oppstå splid i Vesten som følgje av dei økonomiske og konsekvensane krigen fører med seg. Det er eit veddemål han ikkje bør vinne. Vi har å halde ut.