FN åtvarar om fare for ein global svoltkatastrofe. Opptil 50 millionar menneske i 45 land er på randa av hungersnaud.

Sju gongar så mange står overfor akutt matmangel. Det er fleire enn talet på innbyggjarar i USA.

I Norge kastar vi mat for eit tosifra milliardbeløp berre i husstandane. I tillegg kjem matsvinn frå industrien, serveringsbransjen og butikkane.

I dag markerer vi den internasjonale dagen mot matsvinn. I år bør denne markeringa gi oss ekstra grunn til ettertanke. Tørke, krigen i Ukraina, pandemi og ekstrem prisauke gjer at stadig fleire svelt.

Verdas matvareprogram (WFP) fryktar at vi står framfor ei av dei største svoltkatastrofane i moderne tid.

Meir enn 800 millionar går svoltne til sengs kvar kveld. Talet på dei som har akutt matmangel er dobla på to år.

I Norge kastar vi rundt ein femtedel av maten vår ifølgje ein rapport frå 2021. I tillegg kjem alle råvarene som endar som avfall alt før det kjem til matindustrien.

Green House og Framtiden i våre hender publiserer i dag ein rapport som fortel at slikt skjult matsvinn er minst like stort som det registrerte.

Døme på skjult svinn er at 30.000 geitekje og tre millionar høner blir slakta og går rett i søpla kvart år. Framtiden i våre hender purrar no på regjeringa for å få fram ei ny matkastelov.

Fleire andre land har kome lengre enn oss her. I Spania risikerer supermarknadar frå neste år bøter på over 600.000 kroner om dei kastar overskotsmat.

For gjengangarar kan det bli snakk om millionbøter.

I Frankrike har det sidan 2016 vore ulovleg for butikkar å kaste eller øydeleggje useld mat. I Norge har kampen mot matsvinnet så langt vore ført med ein frivillig avtale med bransjen. Den har gitt resultat, men vi ligg alt bak målet om å kutte svinnet med 15 prosent frå 2015 til 2020.

Innan 2025 skal vi ha dobla dette. Det klarer vi neppe.

Ei lov vil likevel ikkje stoppe den store syndaren, matsvinnet i norske heimar. Her er det lite anna enn å appellere til folk sin moral, solidaritet og lommebok som hjelp.

Maten vi kastar har bonden, fiskaren, industrien, sjåførar, butikkar og restaurantar har brukt tid, ressursar og areal for å produsere og transportere.

Det vi kastar står for like stort klimautslepp som frå den norske flytrafikken. Arealet og arbeidet som er gått med, er bortkasta. Kunstgjødsla kunne gått til land som produserer mat til folk som svelt. Alt dette er store verdiar vi sløsar vekk.

Om det er slik at vi har råd til dette, burde mat ha kosta meir.