På kort tid har chatroboten ChatGPT blitt testa ut av svært mange over heile verda. Det er eit imponerande program basert på kunstig intelligens som på få sekund lagar forståelege samandrag av kompliserte forskingsrapportar, skriv artiklar og svarer på spørsmål.

Nyleg informerte Utdanningsdirektoratet om at elevar på vidaregåande skule ikkje får tilgang til ope internett på eksamen i vår. Årsaka er at mange elevar har tatt i bruk ChatGPT, som gjer det veldig lett å fuske.

Utdanningsdirektoratet skriv på sine nettsider at dei har fått mange spørsmål om bruk av chatbot, og korleis dette kan påverke sensuren. Sidan teknologien er ny, og det er behov for å hente inn meir kunnskap, blir bruken av ope internett på eksamen stengt inntil vidare.

Det er fornuftig å ta ein pause, for å vurdere konsekvensar. Bruken av ChatGPT har også mange negative sider. I tillegg til at roboten gjer fusking lettare, kan den bidra til å spreie falsk informasjon. Dersom programmet er basert på feilaktige eller manipulerte data, blir resultatet deretter. Dermed kan ein lure både seg sjølv og andre.

Det er ikkje berre utdanningssektoren som har behov for å bli betre kjent med kunstig intelligens, som blir forkorta til KI på norsk og AI på engelsk. Kunstig intelligens er dataprogram som kan utføre oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens.

Det kan handle om å løyse ulike problem, tilpasse seg nye situasjonar og forstå tale og tekst. Som all annan form for teknologi opnar den for fantastiske mulegheiter, både til det gode og det vonde.

Ved å analysere store mengder data kan KI hjelpe oss til å utvikle effektive tiltak for å redusere klimautslepp, forebygge matmangel og hjelpe legar til å stille rett diagnose.

KI kan også automatisere repeterande oppgåver, noko som kan auke produktivieten og den økonomiske veksten.

Vi må vite korleis kunstig intelligens fungerer, for å kunne redusere risikoen for negative konsekvensar

Men KI også kan føre til at mange misser jobben, at fleire blir overvaka, at personvernet blir svekka og at det blir lettare å utføre kriminalitet.

Vi må vite korleis kunstig intelligens fungerer for å kunne redusere risikoen for negative konsekvensar. Derfor er det behov for både informasjon og utvikling av etiske retningsliner. Det er viktig med openheit om korleis teknologien kan påverke ulike sektorar i samfunnet.

Det er nettopp dette som skjer når Utdanningsdirektoratet pausar bruken av ope internett for å vurdere konsekvensane av at elevane bruker chatbot.

ChatGPT står for «Conversational Generative Pre-training Transformer», og er laga av forskningsorganisasjonen OpenAI.

Samtidig som vi helsar ny teknologi velkommen, må vi vurdere den kritisk.