Kjell Inge Røkke var Arbeiderpartiet sin draume-kapitalist. Han betalte sin skatt tilsynelatande med glede, og var medlem i partiet.

No «fyller han frakkeforet» og «rømer landet».

Klart det er lov å vere skuffa, men korkje det eller moralsk fordøming er eigna redskap for å styre norske milliardærar si skatteplikt.

Mange har reagert sterkt etter at det mandag vart kjent at Kjell Inge Røkke melder flytting til Sveits. Røkke er ein av dei rikaste i Norge, med ein formue på over 19 milliarder i 2020.

Han fekk i år merke effekten av regjeringsskiftet med auka skatt på både formue og aksjeinntekter. Flyttinga gjer at han no kjem ei ny, varsla skatteskjerping i forkjøpet.

Med adresse i sveitiske Lugano sparer han fleire hundre millionar i skatt, fullt lovleg.

«Ugreit», seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Tidlegare nestleiar Hadia Tajik i Ap er overraska over at Røkke «annonserer at han er ferdig som bidragsyter til det norske fellesskapet».

Ho vil tette skatteholet som ho gjer slik flytting gunstig.

LO-leiar Peggy Følsvik skuldar Røkke for å «fylle frakkeforet med mest mulig penger og rømme landet».

Ein kan godt vere skuffa. Ein kan snakke om moral når rikfolk i skatteflukt frå landet der dei har bygd opp verdiane sine. Ein bør derimot ikkje vere overraska.

I følgje Kapital var «norske» formuer til ein samla verdi på nær 400 milliardar styrt frå utlandet i fjor. Dei fleste av desse er styrt av rike som har flytta ut for å spare skatt, mange av dei til Sveits eller England.

Fleire vurderer flytting no på grunn av skatteskjerping og fare for comeback for arveavgifta.

Røkke er altså i godt selskap.

Moralske peikefingrar eller fordøming er lite effektivt for å hindre at klanen av norske eksilmilliardærar blir større. Meiner norske politikarar, fagrørsla eller andre at det er eit mål, er det berre to ting som virkar.

Ei streng lov som hindrar skatteflukt eller lage skattevilkår som gjer at dei frivilleg blir.

For dei som vel å bli eller flytte formuene sine til Norge, slik Røkke gjorde for vel 20 år sidan, handlar dette om økonomi. Det gjer det også for dei som flyttar ut, slik Røkke gjer no.

Norske milliardærar er viktige for norsk næringsliv og verdiskaping. Å lage skattereglar som gjer at færre vil ta risiko og satse i Norge, vil vere sterkt negativt for utviklinga av norsk næringsliv.

Å lage skattereglar som gjer dei rikaste til nullskatteytarar, trugar den den norske samfunnsmodellen.

Men det er uansett med ein klar lovregulering ein må finne balansen. Moralske peikefingrar viftar berre i tom luft når store pengar er i spel.