Regjeringa reduserer prisen på ei rekkje flyruter i distrikta med opptil 50 prosent neste år. Priskuttet skal gjere det lettare å bu og drive næringsverksemd i distrikta.

For folk og bedrifter som er heilt avhengige av desse rutene, er dette eit viktig handslag.

Billegbillettane kan derimot verte færre og dyrare.

Samferdsleminister Jon Ivar Nygård (Ap) slapp nyheita om priskuttet onsdag med ein sprudlande Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum ved si side. To dagar før Senterpartiet sitt landsmøte i Trondheim, var dette ein gavepakke for eit parti som slit i bratt motbakke.

Partiet behøvde ei sak som kan lokke fram Vedum-latteren .

Ein kraftig reduksjon i maksprisen på dei såkalla FOT-rutene er nettopp ei slik sak. Partiet har slite sterkt med å levere på vallovnadane sine etter eit brutalt møte med politikken sin brutale kvardag med krisehandtering.

Difor var det på høg tid at partiet kunne levere på i alle fall ei av sakene som vart løfta høgt i valkampen for snart to år sidan. Ei sak som kan treffe mange veljarar i deira kvardag.

Reversering av politireformen, kommune- og regionreformen og domstolreformen var viktige symbolsaker for å byggje opp veljarbasen før førre val, men har ikkje gitt partiet særleg veljar-gevinst.

Ikkje har sakene vore særleg godt handterte, og ikkje treff dei mange nok veljarar i deira kvardag.

Dei fleste rutene som får priskutt frå april neste år er i Nord-Norge, men også ni ruter i Sør-Norge er omfatta av ordninga. To av desse er knytt til Ørsta-Volda lufthamn: Ruta til Oslo og ruta til Bergen. I tillegg er også tilsvarande ruter på Sandane lufthamn drive med slike statlege subdidiar.

For næringsliv og innbyggjarar på søre Sunnmøre er dette viktige ruter som forenklar reisevegen til og frå Oslo og Bergen samanlikna med å måtte ta seg til Vigra.

Utan FOT-ordninga ville tilbodet ved mindre lufthamner i distrikta vore mykje dårlegare.

For det er kun på regionale ruter der marknaden åleine ikkje sikrar tilfredstillande transportstandard staten kan gå inn for å kjøpe transporttenester. Reguleringa av prisen blir gjort ved at det vert sett eit pristak på fullprisbillettar.

Det er altså først og fremst næringsliv og folk som reiser mykje i jobb som vil nyte godt av priskuttet.

For folk som jaktar lavprisbillettar for å «besøkje bestemor» får altså ikkje lågare prisar av at regjeringa blar opp 400–700 millionar årleg til FOT-rutene. Dei kan tvert om få dyrare billettar.