Mange argumenterer for at samfunnet skal vere livssynsnøytralt. Men det nøytrale livssynet finst ikkje. Trur du på Gud, er det ikkje nøytralt å hevde at han ikkje finst – og omvendt. Å vere tolerant er å tole at andre får meine noko, og hevde det sterkt, sjølv om ein sjølv meiner noko heilt anna. Eit livssynsope samfunn er ikkje nøytralt, men mangfaldig.

Kulturredaktør i BT, Jens Kihl, som er ateist, seier det godt i denne kommentaren: «Vi kan øve oss i toleranse for at tru og livssyn er ein del av livet til våre medborgarar. Kanskje risikerer vi til og med å gje oss sjølve nokre rike opplevingar på vegen? Eg vil at elevar skal bli kjent med både kyrkjerom, synagogar og moskear. Tek vi verkeleg skade av å syngje julesongar med kristent innhald på skulen? Eg trur dei fleste kan tole det heilt fint», skriv han, og hevdar at eit religionsfritt samfunn er det han fryktar aller mest. I staden for religionsfritt, vil han ha eit religionsope samfunn.

Julaftan var det sprengfullt i mange kyrkjer. Den store oppslutninga om julegudstenesta er ei påminning om at den kristne tradisjonen framleis står sterkt i landet vårt. Uansett kva slags forhold ein har til kristendommen i det daglege, er det mange som søker til kyrkjene i denne høgtida.

I jula blir det feira at Jesus kom til verda som eit forsvarslaust barn i ein fattig familie på flukt. Det er ein radikal bodskap om nestekjærleik, inkludering og at alle menneske er like verdifulle. Kyrkja består av feilbarlege menneske som ikkje alltid har klart å formidle Guds kjærleik, derfor treng vi stadig å bli minna på historia om barnet i stallen. Eit menneskesyn som slår fast at alle menneske er like verdifulle, skaper grunnlag for både ytringsfridom og demokrati, og gjer det mogleg å skape eit livssynsope samfunn, basert på gjensidig respekt.

Norge er i dag fleirreligiøst, sjølv om majoriteten, 3,5 millionar menneske, er med i Den norske kyrkje. Den største gruppa som ikkje er med, er andre kristne trussamfunn med 374.000 medlemmer, islamske trussamfunn med 176.000 og humanistiske livssyn med rundt 107.000 medlemmer. I tillegg finst mindre grupper innan buddhisme, hinduisme, jødedom og sikhisme, ifølge Statistisk sentralbyrå.

Religion og livssyn har ein naturleg plass i det offentlege. Når vi ser på kvarandre som likeverdige menneske, kan vi også sjå på usemje som noko positivt. I staden for å gjere tru og livssyn usynleg, kan vi bruke fridomen til å heie fram ulike syn. Vi kan leve godt saman, sjølv om vi har ulike oppfatningar. Jula minner oss på å vise omsorg for kvarandre, også for dei vi er rykande ueinige med.

Eit livssynsope samfunn er ikkje nøytralt, men mangfaldig