Etter to magre år kjem lønskrava denne våren tilbake med full styrke. Alle vil ha tillegg som er høgre enn prisveksten.

Nokre vil ha endå meir.

Sjukepleiarar og lærarar vil ikkje ta til takke med applaus. Særleg lærarane føler det er bittert at dei er lønstaparar etter to tøffe pandemi-år.

Fredag vart tariffvåren offisielt innleia. Teknisk beregningsutvalg (TBU) la då fram tala som skal ligge til grunn for oppgjeret. Fasiten er at mange grupper tapte kjøpekraft.

Blant dei som tapte mest, var lærarane.

Tapet svir ekstra hardt etter at nær 25.000 streikande lærarar og helsearbeidarar i fjor vart stoppa med tvungen lønsnemnd.

Mange hadde i fjor ein lågare lønsvekst enn prisveksten på 3,5 prosent. Det betyr tapt kjøpekraft. Nesten heilt i botnen kom lærarane. Deira lønsvekst vart på 2,3 prosent – altså meir enn eitt prosentpoeng lågare enn prisveksten.

I morgon møtest LO sitt representantskap i Folkets hus i Oslo. Her blir krava til årets oppgjer lagt. I tillegg vil LO bestemme korleis dei vil at det skal forhandlast.

Truleg vil det også i år ende med at kvart forbund forhandlar for seg.

Først ut går då industrien og dei såkalla frontfaga. Resultatet her legg så rammene for dei andre oppgjera. Målet med denne modellen er å unngå at for høg lønsvekst svekkjer norsk konkurranseevne og velferd.

Høg prisvekst og tapt kjøpekraft er ikkje åleine årsak til at årets oppgjer blir ekstra krevjande. Delar av næringslivet går så det susar. Det gir meirinntekter til kapitaleigarane, men også press i arbeidsmarknaden.

Så har vi stigande rente og inflasjon.

Inflasjonen er den høgste på fleire tiår. Sentralbanksjefen ber partane sjå forbi slike kortvarige svingingar. TBU er på si side så usikre at dei legg fram ei ny vurdering alt om to veker, dagen etter forhandlingsstart.

Som eit mørkt bakteppe ligg også Ukraina-krisa. Den kan sende verdsøkonomien inn i eit nytt fall.

I sum gir dette på den eine sida høg forventing og på den andre sida stor uvisse.

Blant dei som ventar mest no, er naturleg vis dei som fekk minst sist. For lærarar og sjukepleiarar kjem i tillegg ei forventing om å få noko att for å ha stått på ekstra gjennom to tunge pandemiår.

Begge desse gruppene slit også med rekrutteringa.

Særleg vil mangelen på sjukepleiarar i løpet av det næraste tiåret kunne bli kritisk. Med frontfagsmodellen er likevel utsiktene til eit ekstraordinært lønsløft små.

Frykt for å sakke etter og tape kjøpekraft på nytt er derfor ikkje det einaste som gjer denne tariff-våren vanskeleg.