Ein kultur som legg vekt på å stilne stemmer som enkelte opplever som krenkande, får stadig sterkare fotfeste. Denne utfrysingskulturen, som også blir kalla kansellering, snevrar inn grensene for lovlege ytringar og skaper frykt. Derfor er det viktig å vere på vakt mot fenomenet, som kan bidra til å undergrave den frie, offentlege samtalen i eit demokrati.

I ein kronikk i Aftenposten nyleg fortel medievitar Alex Iversen historia om kanselleringa av den britiske læraren og forfattaren Kate Clanchy. I 2019 kom ho med boka «Some Kids I Taught and What They Taught Me», der ho deler sine erfaringar som lærar i mange år. Boka fekk strålande kritikkar, og den prestisjefulle Orwell-prisen. Ei tid etter utgivinga dukkar det opp meldingar på Twitter om at Clanchy er fordomsfull og rasistisk, fordi ho har brukt metaforar som til dømes «mandelforma augo» og «sjokoladebrun hud» i skildringa av elevar. Fordømminga av forfattaren blir så sterk, at forleggaren går ut og ber om orsaking for innhaldet, og varslar at dei vil revidere språket i nye utgåver av boka.

Dei einaste som forsvarer Clanchy er hennar gamle elevar, som ikkje er det minste krenka for måten dei er skildra på. Tvert om er dei fulle av lovord om sin tidlegare lærar, som dei meiner er alt anna enn rasist. Shukria Rezaei (23) skriv i The Times at ho er jenta med mandelforma augo som er omtalt i boka. Ho fortel om ein lærar som ikkje hadde anna enn kjærleik og omtanke for elevane sine, og at Clanchys hjelp var heilt avgjerande for hennar akademiske suksess.

Sjølv om elevane reagerer på at folk kjenner seg krenka på deira vegner, får dei liten respons. I sosiale medium blir Clanchy framleis framstilt som eit vondskapsfullt, rasistisk menneske. Åtaka på henne held fram, og nyleg vart det kjent at forlaget har avslutta alt samarbeid med sin tidlegare prislønte forfattar.

Å kritisere ordbruken i ei bok, er ikkje kansellering. Det kan godt hende at Clanchy fortener kritikk. At personar kan oppleve utdaterte metaforar som belastande, skal ein også ha forståing for. Dette kan gi grunnlag for ein open og god debatt, der folk kan lære av kvarandre. Men når ord blir tatt ut av kontekst, tolka i verste meining og brukt til å stemple personar som vondskapsfulle, er det fare på ferde. I kanselleringskulturen finst det ikkje rom for tilgiving. Den er fullstendig nådelaus. Har du ytra deg på feil måte, er du fordømt for alltid.

Det er vesentleg at vi alle kan bidra til å fremme ein ytringskultur der vi klarer å skilje mellom personar og meiningar. Meiningsbryting er eit godt ord, som handlar om at folk argumenterer for sitt syn og samtid lyttar til motparten. Uansett kor rykande ueinige ein kan vere, så har ein respekt for kvarandre som menneske. Det er ein kultur vi må verne om.