Denne veka er det Ålesund Pride. Over fleire dagar blir det arrangert føredrag, konsertar, gudsteneste og dedikerte samlingsarenaer for LHBT-miljøet og støttespelarar.

Laurdag blir det parade, etter mal frå Pride-paradar andre stader i verda og landet.

I juni var det høgst usikkert om det ville bli fleire Pride-markeringar utover året. Natt til laurdag 25. juni blei to personar drepne og fleire titals såra då Zaniar Matapour opna eld utanfor den skeive utestaden London Pub.

Den store Pride-paraden i Oslo blei avlyst som følgje av hendinga og frykta for ytterlegare åtak. Heller ikkje i Møre og Romsdal fekk LHBT-organisasjonen FRI arrangere fysisk årsmøte på grunn av terrorfaren.

Det var leitt for mange LHBT-personar at det vart frårådd å samle seg etter 25. juni. Det er nettopp når vonde hendingar skjer at det er ekstra viktig for menneske å finne trøyst og styrke i kvarandre.

Men i motsetning til pandemien då alle, uavhengig av legning og bakgrunn, fekk beskjed om å halde avstand til kvarandre, var denne gongen beskjeden retta spesielt mot LHBT-miljøet. Mange LHBT-personar frykta både for eige og andre sine liv i tida etter masseskytinga.

Tidlegare denne månaden gav politiet endeleg grønt lys for regnbogetog i Oslo i september, og med det varslar at faren er over for denne gong. Det er godt å vite at Pride-markeringar kan gå som normalt, og at dei som deltek skal kunne kjenne seg trygge.

Etter terroren 22. juli 2011 samla folk landet over seg i gatene med raude roser, i sorg over offera og for å vise at Norge som nasjon ikkje vil la seg skremme av valdelege ekstremistar.

Den same bodskapen vil vere viktig på komande Pride-markeringar, i eit år kor den hjartevarme feiringa blei ramma av eit stort mørke.

Ålesund sentrumsforening, som er teknisk arrangør av Ålesund Pride 2022, skriv på sine nettsider at dei arrangerer Pride fordi: «Vi ønsker et mangfold og et samfunn med respekt og raushet for hverandre». Det er eit fint ønske.

Noreg er eit land med ytringsfridom, og det betyr at det finst stemmer som er kritiske til ulike aspekt av Pride – utan å vere valdelege. Desse stemmene høyrer med i same mangfaldet som Pride er ein del av, og fortener såleis å bli møtt i toget med opne armar om dei skulle dukke opp. Men viktigast av alt, i år fortener LHBT-personar ekstra mange varme smil og gode ord.

Dei har vore gjennom nok no.