Håpet var at denne sommaren skulle bli som før. Med letta koronarestriksjonar ville nordmenn endeleg kunne dra på den etterlengta utanlandsturen. Det var nokre mørke skyer i horisonten før feriestart, kor spesielt leveringstrøbbel for pass skipla mange sine reiseplanar. Med ferske nasjonale ID-kort i hende og alternative destinasjonar plotta ut, begynte mange forventningsfulle likevel å pakke koffertane ved feriestart.

Men så kom måndag 4. juli, kor 900 SAS-pilotar gjekk ut i streik. Igjen får mange knust feriedraumen, og må belage seg på atter ein Norgesferie – og det i ein sommar kort det er meldt lågtrykk på ubestemt tid.

Streikeretten er ein viktig del av nordisk arbeidsliv, til irritasjon for mange selskap. – Skammeleg, kalla SAS-direktør Anko van der Werff oppførselen til sine tilsette då streiken var eit faktum. Og for mange kan det også verke som eit ufint grep frå pilotane side å bruke folk sine ferieplanar som pressmiddel mot SAS-leiinga.

Men dette er ikkje ein streik basert på opportunisme. Pilotane sjølve er høgst klare over at SAS slit kraftig økonomisk, og har i forhandlingsrundar derfor vore opne for ei rekke innsparingstiltak. Ifølgje Roger Klokset i Norske SAS-flygeres foreining dreier det blant anna om å opne for 60-timars arbeidsveke, fem prosent lønnsnedgang og tvungen sesongdeltid for alle pilotar.

Det dei derimot ikkje går med på, er å måtte søke jobb på nytt i to nyoppretta SAS-eigde bemanningsselskap i staden for å få att jobbane i moderselskapet. Dei går heller ikkje med på ein tiårig tariffavtale utan streikerett. I Norge er det til samanlikning vanleg med toårige tariffavtalar og streikerett i mellomåret.

Det er ein kinkig situasjon. Selskapet prøver å halde hovudet over vatn, og tek drastiske grep i forsøk på å gjere seg attraktiv for investorar. Problemet er berre at grepa går direkte utover den skandinaviske arbeidslivsmodellen kor lønningane står til nordiske forhold, og forhandlingsretten står høgt i kurs.

SAS-pilotane kjemper derfor eit slag for noko som er større enn seg sjølve. Ein ting er å kutte eiga løn for ein periode for å redde arbeidsgjevaren, men verre er det å føle seg pressa og lurt til ei framtid med dårlegare arbeidsvilkår og svekka forhandlingsposisjon.

Så lenge streiken varar vil opp mot 30.000 passasjerar bli ramma dagleg, og flyselskapet mistar ein viktig sesong for inntening. SAS fekk nyleg konkursvern i USA medan flyselskapet blir restrukturert, så det er håp i sikte.

Men er det i grunnen så leitt om SAS skulle gå konkurs? Det må då finnast flyselskap med betre forretningsmodellar enn å herse med dei tilsette når økonomien haltar.