Vinterens straumsjokk var truleg berre ein bitter forsmak. Komande vinter kan bli endå verre.

For regjeringa blir dette ein syretest på krisehandtering.

Så langt har den ikkje imponert veljarane. Særleg Senterpartiet har fått juling med målingar ned mot sperregrensa. No murrar grasrota i partiet stadig kraftigare.

I heller grå og våte sommardagar med straumprisar ned mot to øre per kilowatt-time kan straumkrisa virke langt unna frå Sunnmøre. Men det er ingen grunn til å la seg lure.

Straumkrisa frå førre vinter kan fort bli som ein mild sommarbris mot det vi har i vente.

Norske kraftmagasin har svært lav fyllingsgrad samla sett. Samtidig strammar Russland klypa stadig hardare om gasskranene. Europa kan stå framfor den alvorlegaste energikrisa sidan 70-talet.

På toppen av dette kjem auka rente, rekordhøge drivstoffprisar og stigande prisar på mat. Dette blir vinteren då vanlige folk for alvor må belage seg på å stramme livreima.

For regjeringa blir dette vinteren då den må vise kva den er god for.

Er det noko veljarar likar dårleg, så er det at dei får mindre å rutte med. At ein blodig krig i Europa er den viktigaste årsaka, betyr mindre for partivalet.

Fylkespartileiarane til Senterpartiet kjenner på trykket, og pressar på for at regjeringa skal ta radikale grep. Ikkje så rart kanskje, med tanke på lovnadane før valet i fjor.

Då kunne ikkje partiet sitje i ei regjering med ein bensinpris på over 20 kroner.

Motstanden mot kraftkablar til utlandet og energisamarbeid med EU var også knallhard. I dag vil ein bensinpris pris på 20 kroner gi kø ved pumpene, og straumprisen set nye sommarrekorder.

Til skilnad frå då drivstoff-, straum- og matprisar skaut i veret i vinter, kan vi knapt snakke om eit sjokk lenger. No peikar pila i ei tydeleg retning — opp.

Det stiller også større krav til regjeringa.

I vinter kunne den drive akutt brannsløkking eller skulde på Solberg-regjeringa. I dag må den ta større ansvar sjølv og by på ein klar plan.

Om to månader og ni dagar skal finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) leggje fram sitt forslag til statsbudsjett for neste år. Her må han stramme inn, og vil skuffe fleire enn han gleder.

Om regjeringa på toppen av dette ikkje har effektive straumgrep på plass, vil det svi.

For ei regjering som lovar «vanlege folk» meir rettferdig fordeling av makt og ressursar, må det bety meir målretta tiltak.

For det er dei som har minst frå før denne krisa råkar hardast.